For andre gong i år har bussjåføren på Reinøya i Karlsøy kommune nekta å køyre skulebussen på grunn av dårlege vegar.
Einaste måten Hilde Lockertsen Mæle kunne kome seg på skulen på er å bli henta med båt. Det er første gong ho har starta skuledagen på denne måten.
– Vanlegvis tek vi bussen som tek lang tid, og så ferja. Det er meir behageleg å reise med båt enn buss, slik vegen er no.
Dei er vane med dårlege vegar, men han har aldri vore så ille som no.
Regnvatn har grave seg eit løp over vegen, cirka ein kilometer før bygda Finnkroken på Reinøya i Karlsøy kommune.
Frå ferjeleiet er det 12 kilometer grusveg fram til bygda hennar, Finnkroken. På denne delen av øya er dei 20 innbyggarar som blir påverka av den dårlege fylkesvegen.
– Eg liker ikkje vegen, har aldri likt han heilt, men no har han vorte verre. Det er irriterandes at bussen sluttar å gå for andre gong dette året, seier ho.
Men det er ikkje berre bussen som har slutta. Det har òg postbilen, mjølkebilen og dei som køyrer søppel.
– Går ut over helsa
Hilde og søstera må truleg bu seg på at dette varer i minst to veker til. Men no er folket i bygda lei. Vegen byrjar å gå ut over næringar og helsa til folket på øya.
– Vegane er for dårlege. Det er holete og grufullt å køyre. Det går ut over helsa rett og slett. No går eg på sjukmelding fordi vegane tek knekken på ryggen.
Det seier Kevin Lockertsen som er bussjåfør på Reinøya.
Kevin Lockertsen er bussjåfør på Reinøya
Foto: Ørjan Hansen / NRKDet same fortel postbod Trine Solli.
– No når ingen andre køyrde fekk eg beskjed om å ikkje utsetje bilane og helsa. Det er tøft kvar vår. Men i år har det vore ekstra dårleg, seier Solli.
Også søppelbilen har slutta å køyre på vegen. Dei har ikkje kunne henta avfall på øya kvar veke slik dei normalt gjer. Ifølge Karlsøy kommune lovar avfallsselskapet Remix å hente avfall annankvar veke.
No vurdera også brøytebilen å stoppe.
– Det er heilt forjævlig. Det øydelegg utstyr og kropp. No har Remix, mjølkebilen og posten sagt stopp, så kvifor skal vi halde på, seier Stig Erik Utheim.
Han har folk som har brøyta i snart 30 år. Ingen av dei har opplevd vegane så ille som dei er no.
Torsdag køyrde brøytebilen utfor. Ein av dei få bilane som nå faktisk køyrer på vegen på Reinøya.
Foto: Stig / UtheimVeit ikkje kva dei skal gjere
Mora til Hilde, Rannveig Lockertsen Mæle, seier dei ikkje lenger veit kva dei kan seie for at vegen skal bli betre.
– Det var tungt å følgje ungane bort på kaia i dag for å få dei på den alternative skuleskyssen.
Ho seier vegen er eit resultat av mange år med dårleg vedlikehald. Det toppa seg i vinter etter at grøftene ikkje blei tømde for snø og vatn.
No har enda meir av vegen regna vekk.
Rannveig Lockertsen Mæle er lei av dei dårlege vegane.
Foto: Sveinung Åsali / NRK– Det er ikkje slik det skal vere. Det skal vere vegar så folk kjem seg fram til skulen og andre ting.
Sjølv sit ho på heimekontor for å få det til å gå.
Vinteren har haldt på tela i bakken, men når vegen tinar fryktar ho han endar opp med å bli til gjørme.
No ber ho om at dei blir høyrd av politikarar, så fylkesveg 7908 endeleg kan bli fiksa.
– Spørsmålet er om vi blir høyrt langt nok opp i systemet. Det er dei som har pengane og som skal prioritere som må få med seg bodskapen. Vi kan ikkje ha det slik.
Arrangerer møte
Tidlegare har ordførar i Karlsøy kommune, Mona Pedersen, sagt til NRK at ho opplever at fylkeskommunen er lite villig til snakke om problemet.
Fylkesråd for samferdsel i Troms og Finnmark, Kristina Hansen (Ap), er ikkje einig.
– Eg beklagar at Pedersen opplever det slik. Vi anstrenger oss for å halde ein god dialog med kommunane, både politisk og administrativt. Vi har innført eigne vegmøte blant anna. Så har vi 39 kommunar i fylket vårt. Eg ønsker oppriktig å ha ein god dialog.
Hansen fortel at dei no har planlagt eit møte mellom fylkeskommunen og kommunen, der fylkesvegar og vedlikehald er på agendaen. Dei vil diskutere akutte og langsiktige behov og mogelegheiter for forbetring.
– Vi må komme ut av situasjonen der vegen kvart år i vårløysinga ikkje er køyrbar.