Hopp til innhold

Celina (17) er ein av stadig fleire unge som vil jobbe med dei døde

Celina Strøm (17) er kanskje den yngste gravferdskonsulenten i Noreg. – Ein ny generasjon er på veg inn i bransjen, seier bransjedirektør i Virke Gravferd.

Celina Strøm - ung gravferdskonsulent

Celina Strøm hentar inspirasjon i å hjelpe folk i ein tøff tid.

Foto: Privat

– Vi får ein del meldingar frå unge menneske som er interesserte i å få jobbe i eit gravferdsbyrå.

Det seier bransjedirektør i Virke Gravferd, Gunnar Hammersmark. Dei har ingen oversikt over snittalder i bransjen, men merker ein klar trend.

– Ein ny generasjon er på veg inn i bransjen, både kvinner og menn, seier Hammersmark.

Ein av dei er 17 år gamle Celina Strøm frå Alta. Sida ho var 14 år gammal, har ho hjelpt faren med å hente, stelle og gravleggje dei døde.

Sist helg kunne du lese om gravferdsagenten Kristian Kirkeland (24) frå Molde, som på same måte som Celina, blei introdusert for yrket i ein svært ung alder.

Kristian Kirkeland i Kirkeland begravelsesbyrå i Molde

Å jobbe med dei døde har aldri plaga Kristian Kirkeland.

Foto: NRK

– Jobbar ikkje du med døde folk?

Omtrent dagleg får Celina Strøm spørsmålet: «Jobbar ikkje du med døde folk?» Det gjer ho, og 17-åringen er heller ingen nybegynnar i faget.

– Eg begynte å jobbe som 14-åring. Då mest med pynting og som hjelpar i gravferder, men no gjer eg det meste. Til neste år kan eg ta billappen og gjere alt aleine, seier Celina Strøm.

Ho fortel at mange på hennar alder synest ho har ein rar og litt ekkel jobb.

– Eg får veldig ofte spørsmål om kvifor eg jobbar med dette. Særleg sidan eg er så ung. Eg møter mange fordommar, men dei ser dette utanfrå utan å heilt vite kva det går i.

– Men det er ein fin jobb. Vi hjelpe folk i ei tøff tid.

Celina Strøm - ung gravferdskonsulent

Celina Strøm fortel at framande ofte kikkar ofte på henne med et forundra blikk når ho fortel at ho er gravferdskonsulent.

Foto: Privat

Unge menneske vil jobbe

Bransjedirektør i Virke Gravferd, Gunnar Hammersmark, fortel at det ikkje er vanskar med å rekruttere folk til bransjen. Samstundes kan det likevel vere lokale forskjellar.

Sjølv om det er danna nokre gravferdsbyrå-kjeder dei siste åra i Noreg, så er det framleis slik at det dei fleste byråa er familieeigde.

– De gjer ein viktig oppgåve på sine lokale stader. Slik vil det framleis vere, seier Hammersmark.

Tunge tak

Ingen dagar, eller netter, er like. For gravferdskonsulentane er tilgjengelege heile døgnet.

– Folk døyr til alle døgnets tider, så vi er nesten like mykje ute på natta som på dagen. Nokre dagar hentar vi avdøde, andre dagar går med til planlegging, så har vi minnestunder og gravferder, seier Celina Strøm.

Sjølv tenker ho lite på døden.

– Både mamma, pappa og svigerbror har heldt på med dette sidan eg var lita. Eg har fått det inn med teskei. Eg er nesten like vand med at folk er døde som levande. Det blir naturleg.

Celina Strøm og pappa Roy Tore Strøm

Om det er dag eller natt spelar ingen rolle for Celina Strøm, men pappa må vere sjåfør inntil ho får lappen.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

NRK møter henne ved kapellet i Alta sentrum. Pappa og sjef Roy Tore Strøm rygger den svarte bilen mot inngangen. Inni er ei kvit kiste.

Dei tek den kvite kista ut og ruller den av garde på ei sølvfarga tralle. Gjennom eit venterom, forbi eit lite kapell og inn til rommet der dei døde blir stelt.

– Dette rommet nyttar vi til stelling. Vi kler på avdøde om det er ønskeleg. Av og til må vi vaske og pynte litt. Greie håret til dømes.

I starten hadde ho det ganske tungt. Ikkje fordi det tok på mentalt, men fordi ho var så lav.

– Det kan bli mange tunge løft. Sjølvsagt må det mentale også vere på plass, men i starten var det løfting og bæring som tok på. No er ikkje det noko problem.

Celina Strøm - ung gravferdskonsulent

Celina manglar berre sertifikatet før ho kan gjere alle oppgåvene i gravferdsbyrået.

Foto: Privat

Familieføretak

Roy Tore Strøm er fornøgd med at dottera har valt same yrke som han. I 20 år har han stått til teneste og køyrt mang ein uvêrstur til både Tromsø og Hammerfest.

– Folk trur det er så fælt å sjå eit dødt menneske. Vi hadde ein som jobba som sjåfør i tre år før han turte å bli med på stellinga av ein død person. Så det har noko med kva tankar ein lagar seg oppi hovudet.

Han trur det har vore ein lettare inngang for dottera.

– Vi har jo vurdert litt kva ho kan få sjå eller ikkje sjå. Så ho har ikkje blitt kasta inn i det. Det er jo av og til vi får inn folk som er veldig skada, til dømes ved brann. Men jobben må uansett gjerast.

Han fortel at det har vore tungt å stå opp mange gonger. Telefonen ringer til alle døgnets tider. Så det er bra å bli fleire som kan dele på oppgåvene, også med køyring. På sikt håpar han ho ønsker å overta. Då kan han og kona lene seg litt meir tilbake og bli hennar hjelparar.

Dette er 17-åringen litt usikker på, men ho ser ikkje bort ifrå at det kan bli aktuelt.

– Det er ein veldig interessant jobb. Eg rår andre som er nysgjerrige til å prøve.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark