I klasserommet til 9.-klassingane sit ingen ved pultane. Alle står rundt tavlene på veggene og løyser oppgåva dei har fått av læraren.
– Eg trur alle jobbar betre i ei slik gruppe enn å sitje på PC-en, for då kan ein fort byrje å spele, seier Lea Louise Akselsen frå Sandnes og Bjørnevatn skule i Sør-Varanger.
Dette resulterer i at dei skårar blant dei beste i heile Troms og Finnmark. På 9. trinn har dei 58 poeng på nasjonale prøver i matte, medan landsgjennomsnittet ligg på 54 poeng.
Dette sjølv om Finnmark historisk sett har skåra dårlegast på nasjonale prøver i Noreg.






Praten går
Det er mykje prat i klasserommet. Men det er fordi elevane diskuterer oppgåva i gruppene sine. Viss dei står fast snakkar dei med nabogruppa.
– Det fungerer ikkje å berre sjå på andre for å få svaret, for då lærer vi ingenting sjølv, seier Mia Madeleine Lissner.
– Vi må ha ei forklaring når Pål kjem rundt. Og då har vi ikkje ei forklaring viss vi kopierer andre, legg Sofie Kildemo til.
9. klasse på Sandnes og Bjørnevatn skule lærer matematikk ved å vere aktive i klasserommet.
Foto: Kristin Humstad / NRKOpp i alt dette bevegar lærar Pål Harald Hansen seg rundt i klasserommet. Han kjem innom kvar gruppe 10–15 gonger i løpet av timen og stiller spørsmål om korleis elevane løyser oppgåva.
På denne måten blir ingen av elevane gløymde i timen, meiner han.
– Det er veldig vanskeleg å vere usynlege fordi det krev så stor deltaking frå alle saman då dei sparrar med kvarandre.
Korleis likar du best å lære?
Tavla er sentral
Det var Sør-Varanger avis som først skreiv om klassen i Aust-Finnmark og korleis dei lærer matematikk.
Lærar Pål Harald Hansen går rundt til dei ulike gruppene i klasserommet. Han får snakka mange gonger med kvar gruppe før timen er over.
Foto: Kristin Humstad / NRK– Det er høg aktivitet. Eg ser kva elevane skjønner og ikkje skjønner. Det er stor grad av samarbeid, og ikkje minst den matematiske samtalen dominerer økta, seier læraren.
Metoden baserer seg på kanadisk forsking der ein bruker det som heiter tenkjande klasserom. I undervisninga bruker ein tavler, som hjelper elevane å sjå for seg framgangsmåten og jobbe i lag.
– Elevane må tenkje. Og når vi får trigga konsentrasjon og tenking, så får vi læring, seier Hansen.






Tilpassa dagens behov
Metoden tenkjande klasserom går ut på å få elevane til å tenkje sjølv. Ikkje berre gjere det læraren seier og finne svaret raskt.
– Ved hjelp av dei vertikale tavlene og gruppeinndelingane så får elevane høve til å tenkje og diskutere matematikk på ein heilt annan måte enn dei har gjort tidlegare, seier Kjersti Wæge, leiar ved Matematikksenteret ved NTNU.
Forskingsgruppa har sett at elevane lettare byrjar å tenkje matematikk.
– Dei byrjar lettare å snakke saman, prøve seg fram og resonnere og forklare, enn viss dei sit ved eit bord og jobbar.
Kjersti Wæge, leiar ved Matematikksenteret ved NTNU.
Foto: NTNUMetoden er ikkje ny. Matematikksenteret har lenge hatt eit samarbeid med den kanadiske forskaren Peter Liljedahl, og læreboka hans held på å bli omsett til norsk. Då meiner Wæge at det blir lettare for lærarar her til lands å ta ho i bruk.
– Eg trur at i løpet av veldig kort tid så kjem veldig mange fleire lærarar til å bruke han.
Må store endringar til
Pål Harald Hansen fekk lov til å innføre metoden på skulen i 2019 då han starta på master ved UiT Noregs arktiske universitet. Sidan den gong har fagavdelinga sett ei positiv utvikling.
– Denne metoden baserer seg på forståing. Og nasjonale prøver sjekkar den matematiske forståinga til eleven. Eg veit at det dei gjer ved tavlene her, skjønner dei, og denne kunnskapen sit att hos elevane, seier Pål Harald Hansen.
Det er ikkje alle oppgåver som kan brukast for å jobba ved tavler. Oppgåva bør krevja fleire utrekningar og ha fleire måten å løysa han på.
Foto: Kristin Humstad / NRKLæraren bruker også den tradisjonelle måten der han står ved ei tavle og forklarer faget. Men det tek vanlegvis ikkje meir enn fem minutt.
Endringa i klasserommet viser endringane som har skjedd i samfunnet elles, meiner læraren.
– Samfunnet er annleis. Det krevst andre ting for å lykkast. Også det å kunne finne nye ting og stå i eit problem over lang tid.