Hopp til innhold

Brøytemannskapet i Finnmark begynner å få nok av snø

– Det begynner å tære på no, seier brøytebilsjåfør Tormund Thomassen. Han og kollegaene har brøyta sidan oktober, men får ikkje parkere plogen enda. Brøytesesongen er utvida til 15. mai, men kan bli forlenga.

Før brøytemannskapet på E6 over Sennalandet har det gått i eitt. No er brøytesesongen utvida til 15.mai, men den kan bli forlenga.

BRØYTAR I MAI: Tormund Thomassen og Andre Hansen er i full sving på E6 over Sennalandet i Finnmark. Dei bankar is av rutene for å gjere seg klare til ein ny runde over fjellet.

Det går i eitt med brøytinga på E6 over Sennalandet i Finnmark. I over sju månadar har mannskapet rydda veg for trafikantar. Men brøytekantane er framleis høge, minusgradene heng i lufta og særleg drivsnø skapar problem for bilistane.

– Vi har lyst på varme no. Det er ikkje artig å brøyte i fire minus og ha nedisa bilar, seier Thomassen.

Brøytebil

BANKAR IS: Andre Hansen må få vekk det tjukke laget før han kan køyre vidare.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Heldigvis er det artigare å brøyte på våren enn om vinteren.

– Folk smiler og helsar når dei møter oss. I vintermånadane er det mykje kjeft å få. Særleg frå dei i kolonnekø. Då dei kjem på fjellet vert det skummelt å køyre, så dei er nok ikkje fornøgde då heller, fortel Tormund Thomassen.

Turistar byr på utfordringar

Fleire som køyrer over fjellet i mai er ikkje førebudde på forholda.

– Mange har sommardekk, og turistar kjem på sykkel, motorsykkel eller med bubil. Eg har hatt fleire møter med bilar som er meir eller mindre på feil side. Dei køyrer der det er bart. Eg har halde på å få fleire i plogen, fortel Thomassen.

Berre for kort tid sidan måtte han hjelpe ein syklist frå England.

– Det var livsfarleg. Han sykla i snøfokket og var knapt synleg. Eg plukka han opp, tok sykkelen bakpå og fekk han over på Altasida.

Brøytebil

BRØYTEBILEN I AKSJON: Drivsnø legg seg på asfalten og enkelte stadar er snøskavlane framleis meterhøge. – Det pleier å vere dødtid i mai, så det er jo greitt for firmaet at vi framleis brøyter, fortel Thomassen.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

LES OGSÅ: Køyrer framleis på vinterdekk – ei veke etter fristen

Sesongen kan bli forlenga

Brøytebil

VENTAR PÅ VÅREN: Tormund Thomassen og Andre Hansen. – Det begynner å bli nok. No har vi halde på i sju månadar, også vert det enda meir brøyting i mai. Heldigvis er folk hyggelege. Fingeren er bytta ut med smil og nikk.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Ifølge yr sitt langtidsvarsel ser våren ut til å la vente på seg i nord. Det er meldt snø i Finnmark dei kommande dagane, og temperaturane held seg rundt null grader.

Brøytebilsjåførane er førebudd på at sesongen kan bli forlenga, men håpar på vår.

– Det må jo begynne å tine! Og bilane skal brukast til asfaltarbeid snart. Eg håpar i alle fall å vere ferdige med brøytinga til sankthans, fortel Thomassen med eit smil.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark