Hopp til innhold

Dårleg veg truar næringslivet: – Det er trongt

Langs Finnmarks «farlegaste» fylkesveg er det ofte snakk om millimeterane. Vegen bør utbetrast, meiner transportnæringa. Dei etterlyser statens hjelp, for fylka klarar ikkje og ta rekninga aleine.

Det går akkurat på millimeteren på fylkesvei 882 til Øksfjord.

Det går akkurat på millimeteren på fylkesveg 882 til Øksfjord.

Foto: André Bendixen / NRK

Kvardagen for yrkessjåførane som køyrer på fylkesveg 882 er vanskeleg. Ofte handlar det om millimeter.

– Det er trongt, bratt og dårleg med møteplassar. Vinteren er utfordrande og det er då ein tenkjer på om det er verd å køyre her, seier lastebilsjåfør og bedriftseigar i Nor-log, Roy-Tore Mathisen.

Blant medlemmene i Lastebileierforbundet i Finnmark er denne vegen trekt fram som den farlegaste vegstrekninga. Dette er den einaste vegen til og frå både Loppa og Hasvik kommune. NRK har tidlegare kalla han ein flaskehals.

– Møter ein trailerar på enkelte plassar så må ein rygge. Det er ikkje alltid så enkelt å rygge om vinteren. Og kanskje har ein bilar bak seg. Det er ikkje ein god veg, seier Mathisen.

Les også: Fylkestinget: Vil overføre Hasvik-forbindelsen til staten

Nydøpt Bergsfjord
Nydøpt Bergsfjord

Overmoden

– I bedrifta vår har vi hatt årlege bergingar der bilane treng hjelp for å komme vidare. Det skjer stort sett eit eller anna her kvart år. Vinteren er utfordrande, seier Mathisen.

Roy-Tore Mathisen, lastebilsjåfør for Nor-log

lastebilsjåfør og bedriftseigar, Roy-Tore Mathisen meiner tida er overmoden for å gjere noko med vegen.

Foto: André Bendixen / NRK

Han meiner no tida er overmoden for å gjere utbetringar på strekninga.

– Det er absolutt ein trafikkfarleg veg. Og det finst tal som viser at ulykkesrisikoen på ein fylkesveg kontra riksveg er over dobbelt så stor, seier Odd-Hugo Pedersen, regionssjef i lastebileigarforbundet i nord.

Jo meir fisk som blir lasta på kaien i Øksfjord, jo fleire vogntog møtest på den tronge fylkesvegen.

Odd-Hugo Pedersen, regionsjef Norges lastebileier-forbund

Odd-Hugo Pedersen, regionssjef Noregs Lastebileier-forbund, fortel at staten må hjelpe til.

Foto: André Bendixen / NRK

– Dei aller fleste fylkeskommunane i landet har eigentleg ikkje økonomien som skal til. Staten må derfor trø til her for at befolkning og næringsliv skal få eit vegnett som er til å leve med, seier han.

Les også: Fire snøskred stengte veien på Sørøya

Rasfarlig vei på Sørøya
Rasfarlig vei på Sørøya

Utfordringar

Lastebileigarforbundet krev strakstiltak for å utbetre den rasfarlege vegstrekninga.

Fylkesråd for samferdsel i Troms og Finnmark, Agnete Masternes Hanssen, har nyleg vore med forbundet på ein køyretur på strekninga.

– Eg fekk fleire døme på kva det betyr når vegen er som han er, og kor store utfordringar ein faktisk får med møtande trafikk, seier Hanssen.

Fylkesråd for samferdsel, Agnete Masternes Hanssen og lastebilsjåfør og bedriftseier, Roy-Tore Mathisen

Fylkesråd for samferdsel, Agnete Masternes Hanssen og lastebilsjåfør og bedriftseigar, Roy-Tore Mathisen. Her køyrer dei på den tronge vegen.

Foto: André Bendixen / NRK

Hanssen møtte også dei lokale politikarane under eit formannskapsmøte i Loppa kommune.

Ho kan ikkje love pengar til utbetring av vegen. Men ho tek med seg tilbakemeldingane når fylkestinget skal behandle regional transportplan i juni.

– Det viktigaste her er å sjå på kvar dei store flaskehalsane er og kva budsjettramma tillèt oss å gjere. Og så må vi sjå korleis fylkeskommunen kan gjere utbetringar som sørgjer for at vegen blir god nok innanfor dei rammene vi har, seier Hanssen.

Bremsekloss for vekst

Meldinga frå kommunen er klar: Fylkesvegen er og har vorte ein bremsekloss for veksten i næringslivet i kommunen.

– Vegen må løftast opp. Det er ein klokkeklar beskjed om at vi forventar at det bli løyvd pengar til utbetring av vegen. Vi er avhengig av å få betre regularitet på vegen, seier varaordførar i kommunen, Ståle Sæther.

Varaordfører i Loppa kommune, Ståle Sæter.

– Den vegen må løftast opp, seier varaordførar i Loppa kommune, Ståle Sæther.

Foto: André Bendixen / NRK

Det hastar å få den på plass, meiner Sæter.

– Det har hasta dei siste femten åra. Det er ikkje gjort nokon særlege grep her på lang, lang tid. Her har fylkeskommunen ein jobb å gjere, seier Mathisen.

Les også: Ble tatt av snøras: – Jeg rakk ikke å tenke

Mildrid og Nils Kristian Brynjulfsen ble tatt av snøskred ved Skarvbergtunnelen 29. januar.
Mildrid og Nils Kristian Brynjulfsen ble tatt av snøskred ved Skarvbergtunnelen 29. januar.