Hopp til innhold

Bedragerisikta lauslaten: – Ikkje fare for at han skal øydelegge bevis

Mannen som er sikta for grovt bedrageri, vil ikkje bli varetektsfengsla på noverande tidspunkt, opplyser politiet i kveld.

Rådhuset i Tromsø.

Mannen som no er sikta, var tidlegare tilsett i Flyktningtenesta i Tromsø kommune.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

– Vi har gjennomført eit lengre avhøyr av sikta, og han har bidratt positivt til å belyse saka. Vi har hatt ein god dialog med sikta, seier sjef for etterforskingsseksjonen i Troms politidistrikt, Yngve Myrvoll.

Mannen er no lauslaten etter å ha sete i avhøyr i mange timar.

– Han vart lauslaten i halv åttetida i kveld, da det vart vurdert slik at det ikkje er fare for at han kan øydelegge bevis i saka.

Myrvoll seier det er gjort avtalar om nye avhøyr av sikta, og at det ikkje vil bli aktuelt med fengsling på noverande tidspunkt.

– Om desse avhøyra blir gjort i morgon eller i neste veke er førebels usikkert. Vi har ein del materiale vi skal gå igjennom og så vil vi kunne stille sikta nye spørsmål når det er behov for det.

Har kontroll over bevis

Tidlegare i dag vart det kjent at Tromsø kommune anmelder mannen, som tidlegare var tilsett i Flyktningetenesta i kommunen. Han er sikta for grovt bedrageri av om lag 4,5 millionar kroner.

Politiet har no sikra seg mykje av det bevismaterialet dei treng for å kunne etterforske saka, seier Myrvoll.

Mannen er no lauslaten. Vil det seie at saka er mindre alvorleg enn det har sett ut?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Men no har vi kontroll over dei bevisa vi treng og sikra oss det vi ønska å sikre, og da har ikkje sikta moglegheit til å forstyrre oss i etterforskinga. Da skal han setjast fri.

Skal gjennomgå kontoopplysingar

Politiet vil ikkje svare på spørsmålet om mannen har erklært straffskuld.

– Det ønsker vi ikkje å gå ut med, anna enn å seie at han har bidratt i positiv retning, seier Myrvoll.

Politiet vil heller ikkje seie noko om kva slags stilling mannen skal ha hatt i Flyktningtenesta, anna enn at det skal ha vore ei sentral stilling. Dei vil heller ikkje seie noko om kva tid mannen jobba i kommunen eller kva tid han slutta.

Det som er klart, er at etterforskinga no vil setjast i gang for fullt:

– No skal vi ha ei etterforsking der vi vil avgjere omfanget av saka. Da vil vi gjennomgå kontoopplysingar og den type ting, seier Myrvoll.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark