No pakkar politiet saman tinga sine og har ikkje gjort funn. Etter tips byrja dei førre veke å leite etter Abdullahi Dayib Mohamud, som har vore sakna i snart to år.
Torsdag og laurdag har til saman tre ekvipasjar med kriminalsøkshundar frå Kripos og finsk politi søkt i eit utvida område rundt idrettshallen. Hundane gjorde ingen markeringar eller viste interesse for særskilde område.
Dette er det siste kjende bilete av Abdullahi Dayib Mohamud i Hammerfest.
Foto: Politiet– På førehand hadde vi bora eit stort tal på hol for å sjå om hundane på den måten fekk eit betre luktbilde å jobbe med. Men heller ikkje dette gav noko endra resultat, skriv politiet i ei pressemelding.
Området der ein kriminalsøkshund markerte i haust, er grave opp og undersøkt utan funn.
– Vi har difor bestemt å avslutte denne delen av søket. Vi jobbar no vidare med avhøyr og gjennomgang av anna innsamla materiale. Tipsa vi har mottatt er ikkje einsarta, men vert gjennomgått og takast inn i etterforskinga.
Områda rundt hallen som vart undersøkt førre veke, er no avslutta.
Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / NRKDet er også gjort undersøkingar tidlegare i haust med georadar og som berre gav utslag i den område som politiet nå har søkt gjennom utan resultat.
– Vi har eit sterkt ønskje om å finne han og har ikkje gitt opp. Etter den siste vekas resultatlause søk utan å finne ytterlegare spor etter den sakna, så har vi bestemt oss for å innstille sjølve søket.
Dersom det kjem fram ny informasjon vil søket kunne takast opp, skriv politiet.
Ikkje mista håpet
Abdullahi Dayib Mohamud var 21 år då han blei meld sakna. Om han er i live, er han 23 år gammal no.
Systera gjer ikkje opp før broren er funne.
Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / NRK– Eg har ikkje mista håpet om at det skal verte løyst, at vi skal få svar. Det er veldig tungt å ikkje vite kva som har skjedd, sa storesyster, Ruweyda Dayib Mohamud, før helga.
Familien såg ikkje Abdullahi i jula 2020, og melde frå til politiet 5. januar.
Eit overvakingskamera ved ein minibank hadde fanga han opp klokka 14.05 om ettermiddagen den 18. desember. Dette er den siste sikre observasjonen av Mohamud.
Da Abdullahi fyrst vart sakna, hadde ikkje politiet noko konkrete haldepunkt for at det var skjedd noko kriminelt.
Familien håpa at dette kunne gi dei ei avslutning etter nesten to år og det har vore ei tung tid for dei.
– Det har vore to veldig tøffe år, men eg vonar at eg ein dag kjem til å finne han. Det er det som får meg til å gå vidare, sa systera.