Hopp til innhold

Asylsyklane har no hamna på museum

Fleire tusen asylsøkjarar kom over grensa frå Russland på sykkel. No er fem asylsyklar blitt museumsutstilling. – Ein del av lokalhistoria, seier formidlar Gyrid Øyen.

Sykler som skal bli skapmetall. Disse er blitt brukt av syriske flyktninger for å komme seg over grensa fra Russland til Norge.

Ein gong var dei verdt nærare to millionar kroner. Flesteparten av syklane har endt reisa som skrapmetall. Nokre av dei skal no stillast ut på museum.

– Her har vi fem syklar, alle i varierande standard. Dei fremste er nye, og nokon av dei har framleis emballasjen på. Bak der har du ein veldig dårleg sykkel som knapt nok kan syklast på, seier formidlar Gyrid Øyen ved Grenselandmuseet i Sør-Varanger.

Frå utveg til utstilling

Syklane ho skildrar vart nytta av flyktningar og immigrantar til å krysse den norsk-russiske grensa over Storskog i fjor haust.

No er nokre av desse syklane blitt ein del av ei ny og permanent utstilling ved museet.

Gyrid Øyen

Kurator Gyrid Øyen ved Grenselandmuseet i Kirkenes.

Foto: Stian Strøm/NRK

– Vi har valt å stille ut syklane sidan dei representerer eit lite kapittel i Sør-Varanger kommune sin lokale historie. Mellombels står syklane her som eit symbol i seg sjølv, det er ikkje noko tekst eller biletemateriale her, fordi vi meiner at situasjonen framleis er så uavklart at syklane kan stå slik dei gjer, seier Øyen.

Det var mange feil og manglar ved dei fleste syklane som vart nytta av dei rundt 5.500 flyktningane og immigrantane som kom over Storskog i løpet av nokre hektiske haustveker i fjor.

Årsaka til at sykkel vart brukt for å krysse grensa er at russiske styresmakter krev at ein nyttar transportmidlar for å krysse grensa – å gå det korte strekket mellom grensestasjonane er ikkje lov.

Asylsykkel

I fjor haust var desse syklane framkomstmiddelet for personar som reise frå Russland til Noreg for å søkje asyl. No står fem av dei såkalla asylsyklane utstilt på Grenselandmuseet i Kirkenes.

Foto: Amund Trellevik/NRK

Syklane vart kasta

Men sidan syklane har så mange manglar, blant anna er dei fleste syklane utan lykt og gode bremser, er dei ikkje godkjente for norske vegar.

Syklane vart derfor samla inn og sendt til gjenvinning. Og omgrep som sykkelberg dukka opp i avisspaltene.

Blant gruvehistorie, glimt frå det samiske Sør-Varanger, utstilling om byggeskikk i Karelen og verdskrigsgjenstandar finn ein no fem syklar.

– Museet sitt samfunnsoppdrag

– Mange er overraska over at syklane har klart å komma seg inn i eit museum så kjapt. Det er gjerne eldre gjenstandar som vert vist fram her. Men som ein del av museet sitt samfunnsoppdrag skal ein sikre og bevare dagsaktuelle hendingar.

– Korleis ser de for dykk at denne utstillinga skal vekse?

– Vi veit ikkje no om utstillinga vil vekse, men den står no i ei kontekstuell ramme saman med grensehistorier, spørsmål om etnisitet, kva det vil seie å tilhøyre ein nasjon og korleis grenser set rammer, seier Øyen.

Butikk i Murmansk

I kjølvatnet av den store straumen asylsøkjarar gjennom den arktiske ruta frå Moskva, via Murmansk til Kirkenes, opna det seg ein stor marknad for sal av syklar.

NRK Finnmark var tilstades ved flyplassen i Murmansk og observerte korleis drosjesjåførar organiserte alt frå transport til grensa og kjøp av syklar for syriske personar som ville reise til Noreg.

Syria-flyktning på Storskog

NRK Finnmark sin journalist fotograferte nokre av dei fyrste personane som sykla over den russisk-norske grensa på sykkel i fjor haust.

Foto: Tarjei Abelsen/NRK