Hopp til innhold

Ambulanselærling Celina må betale opp mot 50.000 for å køyre ambulansen

Lærlingar i ambulansefag må betale dyrt for å få naudsynte sertifikat til ambulansen. – Urettferdig, meiner tillitsvalt ved ambulansestasjonen i Tromsø.

Celina Lunde står foran ein ambulanse

AV EIGA LOMMA: Ambulanselærling Celina Falung Lunde begynte på kurs for å få utrykkingslappen denne veka. Kurset er ikkje ein del av opplæringa i ambulansefaget.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Celina Falung Lunde er andreårslærling ved ambulansestasjonen på Finnsnes. Ho har nett bestått fagprøva i ambulansefaget, som er ei fagretning på vidaregåande skule.

Likevel må ho ut med nesten 50.000 kroner i utgifter til førarkort før ho kan køyre ambulansen.

For å køyre med blålys treng ho utrykkingslappen. Ho treng også C1-lappen for lett lastebil for å køyre dei større ambulansane,

Desse sertifikata er ikkje ein del av opplæringa i ambulansefaget.

Det er opp til helseføretaka om sertifikata blir dekt når fagarbeidaren er i jobb.

Celina Lunde må betale sjølv for sertifikata for å køyre ambulanse

BESTÅTT: Lunde har nett bestått fagprøva i ambulansefag. No står det att å ta lappen for utrykking og C1.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

– Det er veldig dumt fordi dei er så dyre. Sertifikata må du jo nesten ha for å få jobb vidare, fortel Lunde.

Ifølge henne er det vanskeleg å få jobb utan utrykkings- og C1-lappen.

Les også Helsepersonell mener de jobber under ulovlige forhold: – Ville ikke følt meg trygg som pasient

Verneombud for ambulansearbeiderne i Alta, Gro-Anita Olsen Sætrum, bak i en ambulanse.

– Urettferdig

– Eg synest det er urettferdig at ambulanselærlingane må ta den store kostnaden sjølv når dei er i eit utdanningsløp.

Det seier Finn Olav Lind, tillitsvalt ved ambulansestasjonen i Tromsø.

Han opplever at mange lærlingar utset å ta sertifikata fordi dei er så dyre.

– 20.000–25.000 kroner for utrykkingslappen er ganske stort innhogg i ei lærlinglønn, seier Lind.

Ola Yttre, leiar av Ambulanseforbundet i fagforeininga Delta, understrekar at lærlingane må oppfylle krava til alder for å ta sertifikata.

Når lærlingane er kommen i jobb bør arbeidsgivar likevel legge til rette for at dei skal ha lov til å køyre dei køyretøya dei treng, meiner Yttre.

Saman med studiestaden må vi prøve å finne ut korleis vi legg til rette gjennom studia for at ambulansearbeidarane har dei rette papira når dei går ut i arbeidslivet.

Leder i Ambulanseforbundet Ola Yttre.

DYRT: Yttre reagerer særleg på at mange paramedisinarar som allereie er i jobb, må betale for C1-lappen.

Foto: GEIR OLAV SLÅEN / NRK

Han påpeiker at det gjeld både for lærlingar og paramedisinutdanninga.

Utrykkingssertifikatet er ein del av paramedisinutdanninga ved universitet og høgskule, men ikkje C1-sertifikatet. Derfor må mange paramedisinarar ut med store summar for C1-lappen – så store at nokon tek opp lån, ifølge Yttre.

Alder og sertifikat

Ifølge Kunnskapsdepartementet samsvarar ikkje krava til utrykking- og C1-lappen med ramma for vidaregåande opplæring slik ho er i dag.

«Vidaregåande opplæring er primært for elevar mellom 16 – 19 år. Etter norsk lov må ein vere 18 år for å få sertifikat på bil. Altså er dei fleste for unge», opplyser Kunnskapsdepartementet på e-post.

For dei som går yrkessjåførfag på VGS, blir derimot dei fleste utgiftene til naudsynte sertifikat dekt gjennom utdanninga. Dei får også køyreopplæring.

Departementet opplyser at yrkessjåførutdanninga er annleis fordi sjølve køyreopplæringa er det sentrale i faget. Slik er det ikkje i ambulansefaget der det akuttmedisinske står i fokus.

Vegdirektoratet har gitt dispensasjon frå alderskravet på yrkessjåførutdanninga slik at yngre elevar kan ha køyreopplæring. Dette er ikkje gjort for opplæring i ambulansefaget.

Her har helsemyndigheitene gitt dispensasjon frå den nye akuttmedisinføreskrifta, som seier at begge personane i ambulansen må ha utrykkings- og i mange tilfelle C1-førarkort.

Sparar der ho kan

For ambulanselærling Lunde sine del, prøver ho å spare der ho kan.

Celina Lunde står foran ein ambulanse

SPART: Lunde har spart litt kvar månad for å få råd til sertifikata for å køyre ambulanse.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

I starten av lærlingtida jobba ho på sjukeheim ved sidan av å vere lærling på ambulanse.

Denne veka starta ho på kurs for å ta utrykkingslappen.

– Eg kunne ønske at eit av sertifikata eller deler av dei blei dekt.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark