Før kampen hadde fotballkommentator Frank Halvorsen trua på at laget kunne sigre over laget frå Jessheim, men motstandaren blei før tøff.
– Det er skuffande av Alta. Dette var ein kamp dei kunne vinne, men dei brukte ikkje sjansane sine, seier Halvorsen.
Då stillinga enda var 0–0 hadde Alta fleire gode målsjansar, men utan at dei fekk ballen i nettmaskene.
Fotballkommentator Frank Halvorsen er skuffa over at Alta kasta bort gode målsjansar i løpet av kampen.
Foto: Kristin Forland / NRKFør kampen spådde Halvorsen at Alta kunne kome sigrande ut etter andre cuprunde. Finnmarkslaget stilte med eit sterkt og skadefritt lag, men det var ikkje nok.
– Ullensaker / Kisa spelte som venta. Dei gjer jobben og jobbar effektivt, men ikkje noko meir. Alta kunne ha klart det om dei ikkje hadde kasta bort sjansane sine, seier han.
I første runde møtte Alta IF Senja på heimebane. Alta hadde då overtaket, og kampen i Finnmarkshallen enda 5–1.
Alta IF er no ute av cupen etter å ha tapt mot Ullensaker/ Kisa onsdag.