Hopp til innhold

Agnete dagen derpå: – Sjokkert, glad og ekstremt takknemleg

Det blei ein laurdagskveld litt utanom det vanlege for Nessebyjenta Agnete Johnsen i går. No skal ho ta Europa med storm.

Agnete Johnsen

Agnete Johnsen frå Nesseby vann Melodi Grand Prix 2016 og skal representere Norge i finalen i Stockholm i mai.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– Eg har det bra! Eg har nok ikkje heilt skjønt kva som har skjedd, det er ganske surrealistisk og sjukt, fortel ein nyslått vinnar av Melodi Grand Prix, Agnete Johnsen.

I går tok ho storeslem i Oslo Spektrum: Med 166.728 stemmer frå det norske folk blei det ein knusande siger over neste på lista, som fekk 88.128 stemmer. Likevel har det ikkje gått heilt opp for ho at ho faktisk vann.

– Eg høyrer folk seier at eg skal til Stockholm, men eg har ikkje skjønt det heilt enda. Eg trur eg må reise heim og setje meg ned og puste litt, så søkk det kanskje inn.

Agnete var klar førehandsfavoritt, men tok likevel ingenting for gitt.

– Eg blei sjukt overraska og sjukt glad for at det gjekk vår veg – det er heilt vilt!

– Kva tenkte du da du vakna i dag da?

– Eg tenkte, «oj, no er det tidleg!», eg har nesten ikkje sove. Og så tenkte eg «wow!». Kva er det eigentleg eg har vore med på?

  • Sjå reaksjonen her:
    Agnethe Johnsen vant Melodi Grand Prix 2016, og blir den norske representanten under finalen i Stockholm.

«Vi vinner det här!»

Agnete fortel at ho var nervøs, men fokusert, da ho sto på scena og framførte songen for første gong i finalen. Da ho kom til gullfinalen, skjønte ho at det var alvor.

– Det gav meg ein ekstra boost, seier ho dagen etter.

Ho fortel at det tok ei stund for det gjekk opp for ho at det faktisk gjekk rett mot siger.

– Eg skjønte etter kvart at eg blei lese opp til sist, og fekk flest poeng. Eg skjønte ikkje heilt kor mange poeng vi fekk, men Gabriel, som sat ved sidan av meg og som har vore med på å lage låten, sa til meg gjentatte gongar på svensk «vi vinner det här, vi vinner det här!».

Agnete Johnsen

Ei hoppande glad Agnete tok sigeren i Oslo Spektrum.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Takkar Nesseby og Finnmark

Tre kjensler gjekk gjennom finnmarksjenta da ho innsåg at ho vann: Sjokk, glede og takknemlegheit.

Kor viktig har det vore for deg å ha støtte frå Nesseby, Finnmark og Nord-Norge?

– Det betyr veldig mykje for meg at mine folk står bak ryggen min og lar meg få leve draumen min. Det betyr masse.

Åtte år har gått sidan Agnete var med og tok sigeren i MGP Junior saman med The BlackSheeps. Sidan den gong har ho vunne Skal vi danse?, ho var i finalen i Stjernekamp og no er ho altså vinnar av MGP 2016. Kva blir det neste?

– Nei, det blir vel sigeren i Eurovision. Det ville ha vore rått!, seier Agnete med eit smil.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark