Hopp til innhold

–Prioriterer ikkje samiske stadnamn

Sametingspresident Aili Keskitalo meiner kommunar ikkje prioriterer samiske stadnamn. Det skriv Framtid i Nord. Stadnamnlova skal sikre samiske stadnamn, og krev at stadnamn har riktig skrivemåte og at det blir brukt samiske skriftteikn. Keskitalo seier det er eit stort problem at namnesaker ikkje blir prioritert i kommunane, og at det dermed er mange samiske stadnamn som ikkje blir registrert og brukt i det offentlege slik dei burde. Temaet skal opp i Sametingets plenum 8. juni.