Hopp til innhold

– Vi var heilt «utpeist» da vi fekk ho inn!

Ein klokketime, to sterke senjaværinger og tre forsøk – desse ingrediensane måtte til for å få opp storkveita på over 200 kilo.

Siv-Mariann Fredriksen og storkveita

Siv-Mariann Fredriksen viser stolt fram storkveita på over 200 kilo.

Foto: Privat

– Herregud, kor vi sleit – du aner ikkje!

Siv-Mariann Fredriksen frå Grunnfarnes har vore ute ei vinternatt før – bokstavleg tala. Saman med mannen, som er fiskar, har ho vore ute mang ein gong som god hjelpar. I natt var ikkje noko unntak, og godt var det.

For i natt fekk dei sjølve storkveita i garnet.

– Heilt «utpeist!»

Det heile skjedde da dei to var ute på havet i Andfjorden, utanfor Senja. Fiskeekteparet drog opp fleire kveitegarn dei hadde ståande, og storkveita var i det siste dei drog opp.

Kor lang tid tok det å få opp den fisken?

– Det nyttar ikkje med klokke på havet, men det tok sikkert ein time å få ho inn, fortel Fredriksen og ler.

Og det er klart: Når du har fleire hundre kilo kveite i garnet, da skal det litt til for å kveile ho inn. Det skulle tre forsøk til for å få kveita over ripa. Første gong var kveita fast i garnet, andre gongen hadde kveita brunsida ut, og på tredje forsøk gjekk det. Da var ekteparet mildt sagt slitne.

– Vi var heilt «utpeist» da vi fekk ho inn!, seier Fredriksen og ler.

275 kilo rund fisk

På formiddagen i dag fekk dei endeleg vege kveita ordentleg: 275 kilo rund fisk, og 233 kilo når den var sløyd. Det er personleg rekord for Siv-Mariann og ektemannen Petter.

– Det er kjempeartig, det er ikkje tvil om det, seier ho.

Men kva skjer no med kveita? Skal dei ha den til middag sjølv?

– Nei, denne kveita blir nok selt til utlandet, før den blir skjært opp og selt vidare. Det er mange som kjøper store kveiter, fortel Siv-Mariann.

Korleis feira dokker ein slik fangst?

– Det blei ikkje noko stor feiring. Kanskje vi skulle ha hatt ein betre middag, men det blei berre nokre skiver med kvitost frå matpakka når vi kom inn på land, seier fiskarfrua på Senja.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark