Hopp til innhold

– Vi ser nettmobbing kvar dag

Uthenging, baksnakking og truing via sosiale medium er ein del av kvardagen for mange norske barn og ungdommar. Mobilfri skuledag kan gjere kvardagen betre.

Grethe Julianne Skum (til venstre) og Liv Charlotte Tomassen

MOBILFRI SKULE: Grethe Julianne Skum (til venstre) og Liv Charlotte Tomassen går begge i 10.-klasse på Tverrelvdalen skule i Alta, og ser dagleg mobbing av medelevar på nett.

Foto: Gyda K. Hesla / NRK

– I vår klasse blei det bestemt av foreldre på eit foreldremøte at vi skulle ha mobilfri skule, seier Liv Charlotte Thomassen, som går i 10.-klasse på Tverrelvdalen skule i Alta.

Når dagen startar kjem den gjennomsiktige plastboksen opp på kateteret. Alle mobiltelefonane skal ned i kassen. All merksemd skal gå til undervisninga.

– Det var mest på grunn av at det blei tatt bilde av nokon i klassen som blei sendt rundt omkring. Og det syntest ikkje den personen noko om, fortel Liv Charlotte.

I ei undersøking NRK har gjennomført om nettmobbing på skulane i landet, svarte 938 rektorar på spørsmål om nettmobbing på sin skule.

Resultatet viser at over 80 prosent av rektorane ved ungdomstrinnet og dei vidaregåande skulane i Norge kjenner til at det går føre seg nettmobbing på deira skule.

Rektorane kjente til at elevar blei utestengt via sosiale medium, fekk meldingar med mobbande innhald, og at bilde blei spreidd utan løyve.

Fekk dagleg stygge meldingar

Liv Charlotte syns ordninga med inndraging av mobilane ved skulestart fungerer godt. Det same syns skulevenninna Grethe Julianne Skum, som sjølv opplevde å få stygge meldingar på sosiale medium.

– I fjor fekk eg melding dagleg om kor stygg eg var, og kor lite likt eg var av dei som sende det, seier Grethe.

– Korleis opplevde du det?

– Det var ganske tungt å vite at folk hata meg så mykje og ikkje likte meg og måtte sende sånne meldingar dagleg, seier Grethe.

– Eg turte ikkje å vise meg framfor folk for eg tenkte at dei kjem sikkert berre til å sjå på meg og sende meg melding om kor stygg eg er, seier ho.

– Kiwi og Instagram er verst

Grethe har òg opplevd å få ufine anonyme meldingar tilsendt på Instagram og Kiwi, som dei begge nemner som stader der mobbing går føre seg hyppigast.

– Det er noko ein ser kvar dag, seier dei begge.

På Kiwi kan ein stille spørsmål og gi svar, og ein kan velje om ein vil gjere det opent eller anonymt. På Instagram kjenner dei to jentene til at det blir laga ein ukjent brukarkonto som blir brukt til å skrive stygge kommentarar til andre.

For Grethe kom dei daglege mobbemeldingane i over tre månadar. Men så tok det slutt.

– Det var ein god følelse at dei hadde gitt opp, seier ho.

– Eg spelte tøff, men eigentleg så brydde eg meg ganske mykje.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark