– Vi har sett at skulen har litt å jobbe med

Foreldre trur skuleleiinga ved Vadsø barneskule no treng ro til å rette opp i problema. Fylkesmannen i Finnmark fann fem lovbrot etter tilsyn ved skulen.

Anita Wahl Nilsen

MØTTE SKULELEIINGA: FAU-leder ved Vadsø barneskole, Anita Wahl Nilsen er glad for at skulen no involverer foreldra i miljøsituasjonen.

Foto: Sidsel Vik / NRK

– Vi opplever at skulen tar det på alvor, og skulen og foreldra har no fått ei grei liste å jobbe ut frå, seier FAU-leiar Anita Wahl Nilsen

FAU-leiaren meiner tilsynet gir skulen gode moglegheiter til å rette opp i det som ikkje er så bra.

– No er det viktig at leiinga får ro til å jobbe med situasjonen.

Bråk og mobbing blei eit problem ved Vadsø barneskule etter at tre mindre skular blei slått saman til ein storskule i 2015.

Vadsø kommune og skuleleiinga har fått frist på seg til 8. september til å rette seg etter pålegga i tilsynsrapporten. Det trur Wahl Nilsen at skulen skal klare.

Vadsø barneskole

Skuleleiinga ved Vadsø barneskole informerte fredag foreldre om korleis dei skal rette opp i lovbrota oppdaga etter tilsyn frå Fylkesmannen i Finnmark.

Foto: Sidsel Vik / NRK

– Det er naturleg ved kvar ein stor omorganisering, med store omveltingar for tilsette og elevar, at det er utfordringar i starten. Det må vi regne med, og så må vi jobbe vidare for å gjere skulen betre, seier ho.

Ikkje overraska over rapporten

Det har vore to tilsyn ved Vadsø barneskule på kort tid. Det vart først gjort eit nasjonalt tilsyn av skulen, og etter slåsting og mobbing på skulebussen i mars, valde Fylkesmannen i Finnmark å opprette enda eit tilsyn ved Vadsø barneskule.

Flere lovbrudd påvist i finnmarksskolene

Gjennom tilsynet blei det avdekka at varslingsrutinane ikkje er tilfredsstillande, og at det går for lang tid før saker blir handtert av skuleleiinga.

I alt avdekka fylkesmannen fem lovbrot i skulens arbeid med elevane sitt psykososiale miljø.

– Vi er ikkje overraska over innhaldet i rapporten. Vi har sett at skulen har litt å jobbe med, seier Wahl Nilsen.

– Men ein del av lovbrota er detaljar i arbeid som vi veit det blir jobba med. No ser eg lyst på det. Det er berre ein veg, og det er at det blir betre, seier ho.

– Godt å bli kikka i korta

Rektor Beate Aronsen ved Vadsø barneskule, meiner òg at skulen har jobba for å betre miljøet ved skulen. Aronsen trekk spesielt fram at dei har jobba med førebyggjande arbeid og individuelt retta arbeid – men likevel får skulen pålegg om å betre dette arbeidet.

– Det overraskar meg til ein viss grad. Men samstundes er det godt å bli kikke i korta, slik at vi kan vite heilt sikkert om det vi gjer er riktig, seier ho.

Rektor Beate Aronsen

Rektor ved Vadsø barneskole, Beate Aronsen.

Foto: Sidsel Vik / NRK

Har ordna opp på bussen

Forholda på skulebussen – med slagsmål, skittkasting, og regelrett mobbing av elevar – var medverkande til at tilsynet no blei gjennomført. Saman med busselskapet har skulen sett i gang tiltak for å betre turen til og frå skulen.

– Vi har fått sett inn ekstra buss, slik at det er færre barn per buss. Vi har hatt med vaksne frå skulen, både for å halde det trygt og for å observere det som skjer på bussen, seier rektor.

Etter betringstiltaka har ikkje skulen fått melding om slåsting og mobbing på skulebussen.

Skolebussen i Vadsø

Slåstkampar, biting, kasting av mat på kvarandre, mobbing og drapstruslar frå medelevar var blant det skulebarna på bussen i Vadsø opplevde.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Nyheter fra Troms og Finnmark