Hopp til innhold

– Kongekrabben spreier seg stadig vestover

Yrkesdykkar Jon Røkenes er redd bestanden av kongekrabbe i Alta kan være like stor som i Porsanger om få år.

Kongekrabber

Vest for Nordkapp kan ein fritt fiske etter kongekrabbe.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

I førre veke fortalde Altaposten om ein lokal fiskar som fekk torskegarna sine fulle av kongekrabbe.

Jon Røkenes, har eige dykkarfirma og har dykka mykje i Finnmarksfjordane. Hittil har han ikkje sett så mykje krabbe i fjordane vest for Nordkapp, men at den no tydelegvis har dukka opp i Altafjorden, har han venta på ei god stund.

Jon Røkenes

Jon Røkenes har eige dykkarfirma og har dykka mykje i Finnmarksfjordane. Han har venta på at kongekrabben skulle kome til Altafjorden.

Foto: Privat

– Det har gått lenger tid enn vi trudde det skulla ta. Om vi samanliknar tida det tok frå kongekrabben kom til Lakselvfjorden, og vidare til Porsangerfjorden, så har det går mykje meir tid frå Porsangerfjorden til Altafjorden, seier Røkenes.

Røkenes trur Altafjorden kan få liknande tilstandar som i Porsangerfjorden om få år.

– Eg tippar at om to år så er det så store mengder der at ein som dykkar eller som fiskar med teiner, skal klare å halde seg med krabbe, seier Røkenes.

Oppfordrar fiskarar til å melde frå om kongekrabbe

Seniorforskar ved Havforskingsinstituttet, Jan H. Sundet, seier at dei ikkje har observert noko auke av kongekrabbe i Altafjorden.

– Eg trur vi har funnet éin krabbe der. I Aust-Finnmark har mønsteret vore at når krabben har spreidd seg, så har den starta inst i fjorden, men i Altafjorden har vi hatt veldig lite registreringar, seier han.

Jan H. Sundet

Forskar ved Havforskingsinstituttet Jan H. Sundet, trur det at kongekrabben er så ettertrakta er med på å regulere bestanden vest for Nordkapp.

Foto: Henriette Leine Wangen / NRK

Havforskingsinstituttet har funne ein del krabbe i dei ytre områda av Vest-Finnmark, rundt Sørøya, Stjernøya og Seiland, men i Altafjorden har dei nesten ikkje hatt kongekrabberegistreringer. Sundet oppfordrar fiskarar og andre som får kongekrabbe, om å melde frå til Havforskingsinstituttet.

– Fiskarar får ein og annan krabbe på garna, men éin krabbe på garnet har ikkje same nyheitsverdien som før, så dermed får ikkje vi vite om det. Men det verkar som om det ikkje er noko stor førekomst der.

Sundet trur kongekrabben kan ha etablert seg i eit lite lokalt område i Altafjorden, for så å formeire seg i det området.

– Då kan det bli ganske mange krabbar i det området. Det greie med kongekrabben er at den er så ettertrakta at så snart fiskarane får vite om ein slik førekomst, så legg dei seg på den og fiskar den opp kjapt, seier han.

– Krabben spreier seg heile tida vestover, det veit vi at han gjer. Men det går jo òg føre seg eit fiske i dette området, og fisket ser ut til å vere i stand til å halde dei små lokale bestandane på eit så lågt nivå som ønskeleg, forklarar Sundet.