– Heilt forferdeleg å sjå born som er skotne på

Harald Sunde fra Kirkenes er heimkomen etter å ha vore lege i verdas største flyktningleir. Han sit igjen med mange svært sterke inntrykk.

Harald Sunde

Harald Sunde (til venstre) saman med irske Martin og danske Charlotte, representantar frå Røde Kors i flyktningleiren Kutupalong i Bangladesh.

Foto: Privat

– Mellom anna fekk vi ved eitt høve inn to ungdommar, éin gut og éi jente, begge på om lag ti år. Guten hadde fått skote av seg foten. Jenta hadde fått øydelagt lårbeinet. Det grodde ikkje i det heile. Ho vil slite med å gå resten av livet. Det er heilt forferdeleg å vite at det er born som er skotne på, seier Harald Sunde, med over 30 års erfaring som lege.

Lårbein i Bangladesh

Lårbeinet til ei ti år gammal jente vart skote i stykke av geværkuler. Ho vil aldri kunne gå normalt igjen. – Korleis kan nokon finne på å skyte på born, undrar Harald Sunde.

Foto: Privat

Til dagleg er han medisinsk fagsjef ved Finnmarkssykehuset i Kirkenes. For fleire år sidan registrerte han seg som frivillig for utanlandske operasjonar i Røde Kors. Då får ein med ujamne mellomrom tilbod om å vere lege i utlandet. For fire år sidan var Harald Sunde derfor på Filippinane. Denne gongen takka han ja til å reise til flyktningleiren Kutupalong i Bangladesh, om lag to kilometer frå grensa til Myanmar (tidlegare Burma).

Flyktningleiren i Bangladesh, Kutupalong

Oversiktsbilete over delar av flyktningleiren Kutupalong i Bangladesh.

Foto: Privat

I Kutupalong finn ein nærmare éin million rohingyaflyktningar, ei folkegruppe som gjennom fleire tiår har blitt utsett for forfølging i Myanmar. Til Kutupalong kom dei første flyktningane på 90-talet. Sidan har det gått i bølgjer. Den siste bølgja, som starta i fjor, inkluderer rundt 650.000 flyktningar, fortel Harald Sunde.

Hva er det som egentlig skjer i Myanmar og hvorfor gjør ikke Aung San Suu Kyi noe for å stanse volden?

Skadde på flukt

Ved denne leiren, som er verdas desidert største flyktningleir, har altså Sunde jobba som lege på eit feltsjukehus i tre og ei halv veke. Han kom heim igjen like før helga og sit igjen med inntrykk han aldri vil gløyme.

Flykningleir i Bangladesh

– Kva skjer med flyktningleiren når regntida set inn om ein månad eller to, spør Harald Sunde. Vasstanden blir å stige og områda kan bli fløymde over. Ein må rekne med at det er mykje smitte i vatnet. Det kan i verste fall føre til ein koleraepidemi, vurderer Sunde.

Foto: Privat

– Veldig mange i Kutupalong har tuberkulose. Dessutan fekk vi stadig inn gravide med døde foster. Nei, så mykje død og blod har eg aldri sett i min medisinske karriere, seier Sunde.

Og utdjupar:

– I tillegg jobba vi mykje med brotskadar. Det var vanleg at flyktningane hamna i trafikkulykker og at dei fall ned frå tre og liknande. Dessutan hadde mange skadd seg på flukta til leiren.

Glimt av håp

Han rakk også å gå eit par turar i flyktningleiren under opphaldet. Der fekk han sjå kor ille buforholda er. Folk bur i små kott som er stabla opp på kvarandre. Husa er laga av bambus og plast.

– For å seie det mildt, så har eg bilete både på netthinna og kameraet mitt som kjem til å sitje, seier Harald Sunde.

Opp i all elendet klarte Sunde likevel også å sjå litt håp.

– Under ein av turane eg gjekk i leiren såg eg tilfeldigvis fem ungdommar gå framfor meg. Dei heldt rundt kvarandre og viste prov på fellesskap og flokkmentalitet. Denne situasjonen gjorde at eg tillèt meg å vere litt optimist opp i all elendet.

I flyktningleir i Bangladesh

Denne kompisgjengen, som Harald Sunde tilfeldigvis møtte under ei vandring i flyktningleiren, gav han glimt av håp. Sjølv om alt går imot flyktningane er samhaldet blant dei framleis svært sterkt.

Foto: Privat