Hopp til innhold

– Fiskeribransjen for kald for nordmenn

Fagforbund vil ha fiskerijobbane tilbake til Norge, men nordmenn vegrar seg for å jobbe i næringa.

Utenlandsk arbeidskraft i fiskeribransjen

LAKSESLAKTING: Ved Cermaqs anlegg i Hammerfest er berre åtte av 65 tilsette norske.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Det er tungt og kaldt å jobbe med handsaming av fisk – og det viser seg at det er vanskeleg å få nordmenn til å ta jobbar i fiskeindustrien.

Norsk fisk skaper 21 000 arbeidsplassar i europeiske land, men berre 9000 i Norge. Fleire fagforbund ønsker no at fleire av jobbane skal takast heim igjen. Men om stillingane kjem, kan det bli vanskeleg å få nordmenn til å fylle dei.

Tal frå SINTEF viser at 25 prosent av alle tilsette i norsk fiskeindustri er utanlandsk arbeidskraft.

På lakseslakteriet til Cermaq i Hammerfest er det nesten aldri nordmenn som søker på ledige jobbar.

Gunnar Gudmundsson i Cermaq

Regiondirektør i Cermaq, Gunnar Gudmundsson

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

– Sjølv om Hammerfest er ein by med 10 000 innbyggarar, så er det vanskeleg å få tak i mange nok arbeidstakarar til desse jobbane, seier regiondirektør i Cermaq, Gunnar Gudmundsson.

Lakseslakteriet sender ut ti vogntog med fisk i døgnet, og har totalt 65 tilsette. Av desse er det berre åtte som er norske. Dei aller fleste som jobbar her er frå dei baltiske landa, slik som latviske Mareks Masteiko. Han trur det kan bli ei utfordring å få fleire norske til å jobbe med fisk.

– Eg snakka med min norske naboar, og dei vil ikkje jobbe i fiskeindustrien. Dei meiner det er kaldt og mørkt. Dei vil heller jobbe som røyrleggar eller elektrikar, fortel han.

Fagforbundet Industri energi håpar at fiskerijobbar kan vere eit alternativ til jobbar som er borte i oljenæringa.

For Masteiko har lakseslakting vore ein god veg inn på det norske arbeidsmarknaden.

– Eg fekk lettare jobb i fiskeindustrien enn andre industriar. Dersom eg vil jobbe i andre industriar, treng eg fagbrev, seier han.

Mareks Masteiko

Latviske Mareks Masteiko lemper fiskekasser på lakseslakteriet i Hammerfest. Nordmenn han har snakka med vil ikkje ha fiskerijobbane.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Trass vanskar med å skaffe nok norsk personell, er regionsjefen i Cermaq glad for at fagforbund no tar til orde for å få fleire fiskeriarbeidsplassar heim til Norge.

Han trur det vil vere fullt mogleg å rekruttere òg nordmenn i framtida.

Cermaq har tru på fiskerinæringa, og bygger no eit nytt anlegg i Steigen kommune i Nordland, og jobbar med å få meir fiskeforedling heim.

– Vi ser gjerne at vi får foredla meir fisk i Norge. Vi må berre sørge for at vi kan tilby attraktive arbeidsplassar, som òg nordmenn vil ha, seier han.

Men er det ikkje slik at utanlandsk arbeidskraft er billigare?

– Nei, hos oss er det same lønn for same jobb. Og dei arbeidstakarane vi har er dei same vi har hatt i mange år. Det er heller ikkje slik at vi hentar inn nye kvar sesong eller kvart år. seier Gudmundsson.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark