Hopp til innhold

– Det er enkelt å hive bosset i fjorden, men me godtek det ikkje

Det vert mobilisert til demonstrasjon mot gruveprosjektet Nussir fyrstkomande laurdag. Hammerfest SV har no anka utsleppsløyvet i Repparfjorden inn for Miljødirektoratet.

Hammerfest SV

SV-medlemene Ingrid Petrikke Olsen og Sverre Gjørvad var onsdag kveld heime hos SV-leiar Amanda Eldnes i Hammerfest for å førebu laurdagens demonstrasjon.

Foto: Privat

– Det er mange som er kritiske til denne avgjerdsla om å tillate utslepp av gruveavfall i Repparfjorden. Me meiner at undersøkingane av straumtilhøva som vart gjort før vedtaket kom, ikkje er grundige nok, og det er dette me no har anka inn for styresmaktene, seier Amanda Eldnes, leiar i Hammerfest SV.

Demonstrasjonen mot gruveprosjektet Nussir i Finnmark skulle eigentleg haldast i desember, men vart avlyst på grunn av uvêr.

Nussir i Kvalsund

Fyrstkomande laurdag er det demonstrasjon mot gruveprosjektet Nussir.

Foto: Stian Strøm

– Vonar at nokon snur

Men fyrstkomande laurdag samlast lokallaga til SV i Hammerfest og Kvalsund, samt fylkeslaget, seg på Rådhusplassen i Hammerfest.

Amanda Eldnes

Amanda Eldnes, leiar i Hammerfest SV.

Foto: Privat

Miljøpartiet de grønne, Naturvernforbundet, Natur og ungdom, representantar frå Sametinget, Bivdi, som er den sjøsamiske fangst og fiskeriorganisasjonen, og Vestfinnmark jeger og fisk har alle sagt at dei også vil vise sin misnøye mot at Miljødirektoratet i desember ga Nussir lov til å sleppe gruveavfall i Repparfjorden.

– Kva ønskjer de å oppnå?

– Me vonar at det er nokon som snur i denne saka. Me vil også vise at det er folk som bryr seg om kva som skjer med fjorden vår og som ikkje tykkjer det er greitt å kaste bosset i fjorden.

Ikkje gruvemostandar, men utsleppmotstandar

– Er det lett å vere gruvemostandar i Hammerfest og Kvalsund i dag?

– Me er ikkje gruvemotstandarar, men me er imot dumping av giftig avfall i fjorden. Me ønskjer også å skape nye arbeidsplassar, men ikkje arbeidsplassar som øydelegg miljø og liv i fjorden.

– Det er skremmande at løyvet er gått gjennom når målingane ikkje har vore gjort på ein god nok måte, seier Eldnes.

– Kva er alternativet til å kaste gruveavfallet i fjorden?

– Me har ikkje nok fagkunnskap til å uttale oss om det, men i konsekvensutgreiinga er landdeponi ikkje er tatt med grunna høge kostnader.

Meiner fjorden må takast på alvor

Eldnes innrømmer at det truleg er vanskeleg å stanse Nussir-prosjektet.

Repparfjord

Nussir har fått løyve til å sleppe ut gruveavfall i Repparfjorden i Finnmark.

Foto: Allan Klo

Men Hammerfest SV er tydelege på at arbeidet som skal sikre at livet i fjorden vert skåna best mogleg, må gjerast på nytt.

– Det må leggjast fram garantiar på at dumpinga av avfall vert gjort på ein sikker måte. Det er ikkje nok å stå med ein parole og rope, derfor har me sendt inn denne anken.

– Veit den ordinære kvinna i gata omfanget av mengdene avfall som skal dumpast?

– No kan ikkje eg snakke på vegne av ålmenta, men dei fleste eg snakkar med gjer positive attendemeldingar på det arbeidet me gjer. Dei seier at det er bra at nokon seier i frå; at det som skjer ikkje er greitt.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark