Hopp til innhold

3. divisjonsspelarar vert politietterforska etter pubslagsmål

Kampen mellom Kirkenes og Bjørnevatn vart blåst av etter 100 minutter, men oppgjeret fortsatte på puben. To spelarar er no under politietterforskning etter pubslagsmål.

Kirkenes stadion

KAMPARENA: Kirkenes stadion. Her vart det omtalte 16. maioppgjerdet mellom Kirkenes og Bjørnevatn spelt for knappe to veker sidan. To spelarar er no under politietterforskning etter utelivsvald i etterkant av kampen.

Foto: Amund Trellevik/NRK

Årets 16. maioppgjer mellom erkerivalane Kirkenes og Bjørnevatn i Sør-Varanger hadde det meste: Utvisninga kom allereie etter elleve minutt. Det var tilløp til slåsskamp etter at ein arm traff eit ansikt. Uthaling av tid og tillegg for skader gjorde at dommaren la til ti minutt i 2. omgang.

Og 20 sekund før det var spelt 100 minutt scora Kirkenes kampens einaste mål.

Bjørnevatn var då redusert til ni spelarar etter skade.

Fortsatte ute på byen

Natt til 17. mai fortsette kampen. No på byen i Kirkenes. Politiet i Aust-Finnmark stadfestar overfor NRK at dei etterforskar ein voldsepisode inne på ein utestad som inkluderer spelarar frå dei to fotballklubbane.

Både Kirkenes og Bjørnevatn er samde om at det falt eit slag. Og at Bjørnevatn-keeperen var mannen som slo Kirkenes-trenaren.

Men resten av historia vert ein ikkje samd om.

Kirkenes

EPISODE: To fotballspelarar frå dei rivaliserande klubbane Kirkenes og Bjørnevatn var innblanda i ein valdsepisode på ein utestad i Kirkenes natt til 17. mai.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

For Kirkenes meiner at klubbens spelande trenar vart slått ned som hemn for tapet tidlegare på dagen. Bjørnevatn meiner det er ei uløyst personleg tvist mellom menna, som begge kjem frå Litauen, som er årsaka, og at Bjørnevatn-keeperen i tillegg skal ha vorte kraftig provosert av ei rekkje Kirkenes-spelarar som var til stades på utestaden.

Fleire personar frå dei to klubbane var vitne til episoden, og politiet har etter det NRK forstår henta inn forklaring frå nokre av desse.

– Rivaliseringa har gått for langt

Leiar for seniorgruppa i Bjørnevatn IL, Audun Falle, meiner Kirkenes' gjer ei bevisst feil framstilling av saken:

– Denne voldsepisoden har ingen link til kampen. Det er vi blitt fortalt av våre spelarar. Politiet må no få gjere sin jobb, og vi konkluderer etter det. Men eg må få seie at rivaliseringa mellom klubbane etter kvart har gått for langt, seier Falle.

Leiar i fotballgruppa i Kirkenes IF, Roger Bruer, seier på si side at politietterforskinga vil vise at det er ein klar samanheng mellom slaget på utestaden og oppgjeret mellom dei to klubbane.

– Me tar dette svært alvorleg. Me registrerer at det er skjedd noko som ikkje skulle skjedd inne på denne utestaden. Saken er no under politietterforsking, og vi reknar med at dette ender opp som ein straffesak. Vi har ikkje den samme oppfatninga som Bjørnevatn om årsaka til at trenaren vår vart slått ned, seier Bruer.

Kretsen følgjer saken nøye

Troms fotballkrets, som administrerer den felles 3. divisjonen for Finnmark og Troms, følger saken nøye. Overfor NRK stadfestar dommarkonsulent Roald Johansen at kretsen vil vurdere hendingane i Kirkenes når politiets etterforsking er ferdig.

– I utgangspunktet har ikkje vi sanksjonsmogligheit etter at slike episodar har skjedd mellom spelarar utanfor baneområdet. Men vi vil vurdere denne saken på nytt etter at politiets rapport er klar, seier Johansen.

Han legg til at det ikkje er gjort nokon merknader i dommarrapporten som er sendt inn, ut over ein ordinær utvisningsrapport.

Påstand og rykter

I sosiale medier kokte det over av påstandar og rykte etter oppgjeret, og ordbruken var svært tøff. Fleire hevda at ein Kirkenes-spelar skulle ha brent ei Bjørnevatn-drakt, noko som også vart rapportert i Sør-Varanger Avis.

Dette vert tilbakevist av fotballeiar Roger Bruer i Kirkenes.

– Det var ein tøff og jamn kamp. Dommaren la til ti minutt i andre omgang – heilt korrekt. I etterkant av kampen vart det slengt ut masse påstandar som absolutt ikkje har rot i røynda. Draktepisoden som det vert vist til skjedde dagen før kampen, og skjedde under eit russetreff der ein av våre a-lagsspelarar var til stades. Ein person skal ha slengt drakta opp i ansiktet på vår spelar, som svarte med å svi to små hol i ho med ein lighter, seier Bruer.

Også Bjørnevatn-leiar Audun Falle, som fekk 0-1 mot seg ni minutt og 40 sekund på overtid, er einig i at tilleggstida var korrekt:

– Det var heilt riktig å legge til ti minutt i andre omgang, seier Falle.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark