Ein 15 år gammal gut busett i Troms fekk nyleg 1.800 kroner i bot for å ha oppført seg krenkande mot læraren sin.
Guten hadde på førehand opptredd aggressivt i klasserommet både mot læraren og medelevar, og blitt utvist frå timen. Hendinga skjedde i mars.
Etter at 15-åringen blei utvist brølte han skjellsord mot læraren og kasta ein skulesekk og plastflaske mot ham.
Hanne Simonsen, politiadvokat i Troms, seier at slike saker vanlegvis løysast i konfliktrådet. I dette tilfellet ønskte ikkje læraren det.
Simonsen har jobba i ulike politidistrikt i Nord-Norge i 12 år, og trur bøter for dette er uvanleg i heile landsdelen.
Meir utsett for trugslar
Tal frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) viser at lærarar i grunnskulen er meir utsett for vald og trugslar på jobb enn andre grupper i arbeidslivet.
– I STAMI si faktabok for arbeidsmiljø og helse frå 2015 sa 12,5 prosent av grunnskulelærarane at dei hadde vore utsett for vald og trugslar på jobb det siste året. Talet for alle yrkesaktive var på 7,5 prosent, seier Gunn Andersen, seniorrådgjevar i Arbeidstilsynet.
I 2013 viste SSBs levekårsundersøking at 7 prosent av lærarane i grunnskulen hadde opplevd vald eller trugslar om vald i løpet av det siste skuleåret.
Ifølge Andersen har norske og europeiske arbeidstakarar opplevd stadig meir av dette på jobb dei siste åra. Ho seier at det òg ser ut til å gjelde grunnskulelærarar.
Thomas Nordgård, leiar i Utdanningsforbundet i Troms, er sterkt uroa for at lærarar i snitt er meir utsett for trugslar og vald enn andre yrkesgrupper.
– Det er ille både for lærarane og heile arbeidsmiljøet. Eg skulle ønskje politikarane hadde brydd seg meir om denne problematikken, framfor å fokusere så mykje på å forlengje utdanninga til lærarane. Vi har visst om problemstillinga i mange år, og det har ikkje blitt noko betring, snarare tvert om.
- Les også:
Kjem på rullebladet
Førelegget blir synleg på rullebladet til 15-åringen. Andersen seier det er viktig at lærarar som opplever vald og trugslar ikkje bagatelliserer hendingane.
– Det er i størst grad arbeidsgjevaren sitt ansvar å sikre rutinar og naudsynte tiltak for å ta vare på den tilsette etter slike episodar. Vald og trugslar er ikkje eit individuelt problem. Arbeidsgjevar er også pliktig til å sørgje for at alvorlege personskadar som følge av vald og trugslar på jobb blir varsla til Arbeidstilsynet og næraste politimyndigheit, seier ho.
For å få bukt med valden og trugslane i skulen, meiner Nordgård at skulane må få større handlingsrom til å jobbe med dette.
- Les også: