Hopp til innhold

12-åring med samemuseum

Han er ikkje same, men har bygd opp eit eige samisk museum heime i kjellaren i Drammen.

Peder Haugfos

Peder Haugfos har eit eige samisk museum.

Foto: Inger Johanne Sæterbakk / NRK

Peder Haugfos er ein 12-åring med ein litt spesiell hobby. Han er nemleg svært interessert i samisk kultur. Det har resultert i eit samisk museum i kjellaren heime i Drammen.

Peder Haugfos

Peder Haugfos

Foto: Inger Johanne Sæterbakk / NRK

Begynte då han var sju

- Det begynte med at eg og familien var mykje ute i naturen og plutseleg hadde eg blitt svært interessert i samisk kultur, fortel Peder Haugfos, som var sju år då interessa for det samiske vart vekka.

Han starta eit museum i kjellaren heime og der har han samisk handtverk, kofter og peskar. Ideen var hans eigen.

Peder er ikkje same, men han liker å kle seg i tradisjonelle samiske klede. Og snart skal han få eit nytt plagg.

Lærer samisk

- Neste veke får eg ei Kautokeino-kofte. Det gler eg meg til. Eg synst ho er svært fin med alle banda på og det skal bli morosamt å gå med ho, seier Peder, som også planleggjer å skaffe seg ei Karasjok-kofte.

12-åringen har også begynt å lære seg samisk.

- Eg held på med den første læreboka no også skal eg begynne på kurs i Oslo etterkvart. Eg har også meldt meg inn i ein klubb som heiter Oslo Samiid Seavi, fortel Peder Haugfos.

Riddu-debutant

Dei siste dagane har han tilbragt på Riddu Riđđu-festivalen i Kåfjord. Han vann billettar etter at han skreiv inn og fortalde om sitt engasjement for det samiske.

- Eg har fått sett mange ulike urfolksgrupper, hørt mykje joik og sett mykje fint, så dette har vore ei kjempefin oppleving, smiler 12 år gamle Peder Haugfos frå Drammen.