Hopp til innhold

Julehandel for 19 milliardar

Lille julaften kjem nordmenn til å handle for rundt to milliardar, ventar Virke. Dei siste sju dagane før julaften kjem vi truleg til å ha handla for rundt 19 milliardar. Det er særleg julematen som gjer at vi brukar så mykje pengar like før jul.