Synva (8 månadar) og mamma Jennifer Nunn

8 månadar gamle Synva på fanget til mamma Jennifer Nunn.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Blir sitjande aleine med amme­­­smerter

Da Synva (8 månadar) blei med heim etter fødsel, enda det opp i barseltårar og brystbetennelse. Jennifer Nunn er ei av mange mødre som ikkje får nødvendig jordmorhjelp etter fødsel. No slår Ammehjelpa alarm.

– På sjukehuset gjekk ting greitt. Og så kjem eg heim, og så kjem mjølka, og da blei det masse mjølk og harde bryst, og da kjente eg ganske fort at det gjorde vondt. Da var eg på felgen, rett og slett. Eg tenkte: Det her går ikkje, no klarar eg ikkje å gje mat til ungen min og det er ei veldig fortvilande kjensle å ha.

Ein åtte månadar gammal krabat stabbar rundt på eit bord inne på eit møterom på UNN i Tromsø. Mamma Jennifer Nunn sine trygge hender er alltid i nærleiken. Den vesle jenta er frisk og glad, og grip etter ting i sin umiddelbare nærleik, slik babyar ofte gjer.

I februar kom vesle Synva til verda. Ho var det andre barnet Jennifer Nunn fekk, og som fersk mor for andre gong hadde ho inga tankar om at amming skulle bli eit problem – det hadde ho jo trass alt gjort før.

Men da den vesle familien kom heim etter å ha blitt utskrive frå sjukehuset, gjekk det trått med amminga og Jennifer enda opp med brystbetennelse. Ho skildrar dette som ei fortvila tid:

– Heilt, heilt forferdeleg. Ein er gjerne sliten etter fødsel, og det er mykje nytt å ta omsyn til heime med storesøsken. Når du da i tillegg føler at du ikkje klarar å gje mat til babyen din, så er det heilt forferdeleg. Eg var heilt nede, seier Jennifer og held fram:

– Eg hugsar at eg berre ville sitje og skrike. Men eg beit tenna saman og amma ho, for eg måtte jo det. Eg trur ikkje ein kan skildre den kjensla om ein ikkje har opplevd den. Den er ikkje noko bra.

Synva 8 månadar, på toppen av eit bord

Åtte månadar gamle Synva er i dag glad og nøgd.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Begge skulle lære å amme

Nasjonale retningslinjer for barselomsorg anbefaler at kommunane har ei jordmorteneste som kjem på heimebesøk til barselkvinner 1–3 dagar etter utskriving frå sjukehus.

Men til Jennifer kom det inga jordmor.

Dermed måtte ho ta kontakt med Ammehjelpen, ein frivillig organisasjon som hjelper kvinner med ammeråd og tips. Ho fekk heimebesøk av ei som viste fram ulike ammeteknikkar, som gjorde heile situasjonen enklare.

– Det hadde alt å seie. Det var avgjerande for at det blei betre. Ein viktig ting som Ammehjelpen sa til meg, var at det ikkje berre var eg som skulle lære dette. Babyen skulle også lære seg det. Ho hadde jo aldri blitt amma før, og det hjelpte for mi sjølvkjensle å høyre det, seier Jennifer.

Sprengt kapasitet og tårer på telefonen

Jennifer er slett ikkje eit unikt tilfelle. I følgje ei undersøking Ammehjelpen har gjort, er det berre 11 prosent av alle barselkvinner som bur i ein kommune som følgjer råda i dei nasjonale retningslinjene for barselomsorg.

Mange kvinner blir derfor sitjande aleine etter å ha kome heim med sitt nyfødde barn med mange spørsmål om amming, smerter og ulike teknikkar.

Når jordmor ikkje kjem på besøk, betyr det meir å gjere for Ammehjelpen, som er basert på frivillige hjelparar.

Dei er kritiske til at det er så mange nybakte mødrer som ikkje får den hjelpa dei har behov for ifølgje nasjonale retningslinjer.

– Vi har sprengt kapasitet fordi vi får så mange førespurnader frå fortvilte mødrer. Og vi får fleire akutte førespurnader, fleire kompliserte saker og fleire medisinske saker. Dei sender vi vidare, for vi kan ikkje svare på medisinske spørsmål, fortel Jorun Perander, som er ei av fem damer som jobbar som ammehjelpar i Tromsø.

Inga Malene Bruun og Jorun Perander i Ammehjelpen

Inga Malene Bruun og Jorun Perander bruker av fritida si for å vere til hjelp for nybakte mødrer som slit med amming.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

I Norge blei det i fjor det fødd 59.000 barn og Ammehjelpen tok imot 23.000 førespurnader, via mail, telefon og Facebook-sidene deira. Og det blir berre fleire og fleire.

– Tala så langt viser at det er 30 prosent auke frå det igjen, og sannsynlegvis er den høgare. Vi synest ikkje det er rett at ammande kvinner og barselkvinner skal ha eit så dårleg tilbod, og at det er berre vi som skal hjelpe dei. Det må vere fleire som skal gjere denne jobben også, fortel ammehjelpar Inga Malene Bruun.

– Korleis er tonen til dei damene som tar kontakt med dokker for å få hjelp?

– Det varierer, men det er mange som græt på telefonen og er heilt fortvilt. Dei har gjerne vore i kontakt med legevakta, men ikkje fått hjelp og ønsker å amme, men opplever at dei ikkje klarer å halde fram slik som dei gjer, seier Bruun.

– For dei som må gje opp amminga, kan det vere ein stor sorg at dei ikkje klarer å få det til. Eg synest det er tragisk at mange mødrer i Norge i dag må gje opp amminga fordi dei ikkje får den hjelpa dei treng, legg Perander til.

– Flau situasjon

Tromsø kommune er ein av kommunane kor kvinnene ikkje får besøk av jordmor kort tid etter utskriving frå sjukehus.

Einingsleiar i Tromsø kommune, Britt Simonsen, opplyser til NRK at den kommunale jordmortenesta ikkje er dimensjonert for å gjennomføre heimebesøk, slik retningslinjene seier. I staden drar helsesøster på heimebesøk, sju til ti dagar etter fødsel.

Jordmødre i Tromsø, fotografert på barselavdelinga på UNN

Kathrine Hågensen, leiar i Troms Jordmorforening, og Ingvild Hersoug Nedberg, styremedlem i Tromsø Jordmorforening, meiner jobben Ammehjelpen gjer er viktig – men meiner det trengst fleire krefter inn i barselomsorga.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Denne problematikken er viktig å ta tak i, meiner jordmødrene Kathrine Hågensen og Ingvild Hersoug Nedberg.

– Eg synest Ammehjelpen gjer ein fantastisk jobb, men eg synest det er flaut at i Norge så skal denne hjelpa basere seg på frivillig arbeid, som skal ta vare på noko så viktig innanfor kvinne- og familiehelse, seier Hågensen.

Nedberg tilføyer:

– Det er rekna ut at for å tilby jordmor heim til alle i Norge, så vil det koste rundt 30 millionar kroner. Det er ikkje mykje pengar det er snakk om, og det kan ha ein veldig førebyggande effekt for både mor og barn si helse, på kort og på lang sikt.

Helsedirektoratet har også fått med seg undersøkinga frå Ammehjelpen, som viser eit stort behov for styrking innanfor barselomsorg. Avdelingsleiar Ellen Margrethe Carlsen meiner undersøkinga er nyttig:

– Denne undersøkinga er nyttig fordi vi får avdekka eit behov. Når vi no har fått nye retningslinjer, så må vi jobbe med implementering av desse og følgje med på korleis tilbodet kan bli betre. Dette er ein prosess som er nyttig for oss å følgje med på, og den er nyttig i vårt arbeid.

– Det skal ikkje gjere vondt

Jennifer har hatt nokre månadar på å tenke over kva som skjedde etter at ho kom heim med Synva, og kva som kunne ha vore annleis.

– Eg kunne nok ha unngått det heile om eg fekk hjelp tidlegare. Og eg, som mange andre, tenkar at amminga skal gjere litt vondt i starten, før brystvortane herdar seg. Men no har eg skjønt at det ikkje nødvendigvis skal gjere så vondt, om ein har dei rette teknikkane, seier Jennifer.

Ho tenker seg litt om, før ho med eit smil om munnen seier:

– Det er nesten sånn at eg har tenkt at eg må prøve ein gong til, for å få det her rett - men nei.

Latteren blandar seg med lyden av eit barn som har det godt.