NRK Meny
Normal

Vil ikkje kommentere bråket i Tromsø

Fiskeriminister og nestleiar i Frp, Per Sandberg, er taus om striden i nord.

Per Sandberg

Fiskeriminister og nestleiar i Frp, Per Sandberg, er i helga på strategikonferanse i Tromsø saman med partiet.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Denne veka gjekk fylkesstyret i Troms Frp inn for å ekskludere gruppeleiar i Tromsø Frp, Anni Skogman, frå sitt medlemskap i partiet. Dei siste månadane har vore prega av konfliktar innanfor Tromsø Frp etter at Skogman blei valt som ny gruppeleiar.

Skogman nekta tidlegare i veka å underskrive ei erklæring om ikkje å ta på seg verv eller delta på kurs og konferansar dei neste to åra.

Leiar av organisasjonsutvalet i partiet, Helge André Njåstad, sa fredag til NRK at slike erklæringar er høgst uvanlege i Frp. Han ønska ikkje å kommentere dei interne forholda som har vore i Tromsø Frp da NRK bad om ein kommentar.

Anni Skogman

Anni Skogman (Frp) blei tidlegare denne veka ekskludert frå eiget parti, og har anka saka til sentralstyret.

Foto: Bilde: Tromsø kommune

Det vil heller ikkje fiskeriminister og parlamentarisk nestleiar i partiet, Per Sandberg.

– Ingen kommentar, svarar Sandberg på spørsmål frå NRK om konflikten i Troms Frp.

Sandberg har sjølv vore involvert i konfliktar innanfor fylkespartiet, noko som kom til syne gjennom biografien «Mot min vilje», som kom i 2013.

Sandberg er denne helga i Tromsø på strategikonferanse saman med partiet. Leiar Siv Jensen er venta å kome søndag.

Anken frå Anni Skogman skal opp i sentralstyret i Framstegspartiet neste månad. Både Per Sandberg, Siv Jensen og Sylvi Listhaug, som alle er i Tromsø i helga, sit i sentralstyret.