NRK Meny

Vil ikkje gje vekk Halti

Ordførar i Kåfjord, Svein Leiros, ønsker å gje fjellet Halti i gave til Finland når landet fyllar 100 år. Forslaget er sendt vidare til Statsministeren. Nestleiar i Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomité, Michael Tetzschner, seier til Aftenposten at dette ikkje er aktuelt. – Det er ikkje aktuelt å støtte opp om ein så forvilla tanke, hverken no eller seinare, seier Tetzschner til avisa.