Vil ha olje-ja frå Venstre

Venstre må sørge for at Nord-Norge får dei same moglegheitene som resten av Kyst-Norge, og partiet må seie ja til utvikling av olje- og gassindustrien i nord. Det meiner NHO i Nord-Norge. Å halde fram med oljeleiting i nord er viktig for å gi fart til nordnorsk næringsliv, seier NHO. Nestleiar i Venstre, Ola Elvestuen, meiner at staten må begrense leiteaktiviteten i Norskehavet nord og Barentshavet.