Hopp til innhold

Ibestad kommune vil ha dei sjukemeldte på jobb

Ibestad kommune går nye vegar for å få ned sjukefråveret. Eitt av tiltaka er å omplassere sjukemelde i andre jobbar i kommunen. Det har kommunen all rett til, meiner rådmannen.

Sykehjem

Det er særlig innenfor helsesektoren at sykefraværet er stort. Rådmannen mener man må være kreativ for å få ned fraværet. – Vi har plikt til å legge til rette for alternativt arbeid, sier rådmannen.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

– Ein person som ikkje kan gjere den jobben han eller ho er tilsett i, kan kanskje utføre andre jobbar, seier rådmann i Ibestad, Roe Jenset.

Ibestad slit med høgt sjukefråvær. For å få sjukefråveret ned, har dei no åtte tiltak på blokka. Eitt av dei er oppsiktsvekkande: Å halde folk i jobb – sjølv når dei er sjukemelde.

Betyr dette at de ikkje har tillit til eigenmeldingar eller legane sine anbefalingar?

– Ikkje i det heile tatt. Vi har god tiltru til det. Men som ein del av eit inkluderande arbeidsliv, så forpliktar vi oss til å leggje til rette for tilsette.

Tid til oppgåver dei tilsette ikkje rekk over

Jenset meiner systemet med inkluderande arbeidsliv (IA) ikkje har fungert.

– Utgangspunktet mitt for å gjere noko no, er at eg ser at IA-avtala ikkje fungerer. Sett du det på spissen, gir IA-avtala meir byråkrati for arbeidsgivar, fleire rettar for arbeidstakar, og sjukefråveret går opp.

Helsesektoren er hardast råka av sjukemeldingar, men det er også behov for folk som kan ta seg av sjuke og eldre.

– Ein kan til dømes vere trivselsagent ute på våre sjukeheim, kor ein kan ta vare på dei eldre. Det kan dreie seg om å lese avisa, gå ein tur, prate med dei. Dette er arbeidsoppgåver som dei tilsette ofte føler dei ikkje har tid til å gjere, seier Jenset.

Kreative forslag, meiner Bremnes

Rådmannen i Ibestad får støtte frå ordførar Marianne Bremnes i Harstad, som er fylkesleiar i Kommunenes Interesseorganisasjon.

Marianne Bremnes

POSITIV: Fylkesleiar i Kommunenes Interesseorganisasjon, Marianne Bremnes, er positiv til dei nye forslaga til rådmannen i Ibestad.

Foto: Per-Einar Grønmo

– Det blir veldig spennande å sjå om det vil virke. Så lenge han held seg innanfor avtaleverket, meiner eg det er bra at han har forslag på å få sjukefråveret ned, seier ho.

Bremnes er usikker på om jobb som trivselsagent er det første ein sett i gang med når ein eigentleg er sjukemeldt:

– Vel, er du sjukemeldt, så er kanskje ikkje jobben med å spreie trivsel og glede det du er best på. Men at sjukemelde kan gjere andre oppgåver om dei er i stand til det, det er eg positiv til så lenge det er innanfor avtaleverket.