NRK Meny

Vil ha høyring

Fire av medlemmene i finans- og næringskomiteen i Tromsø kommune krev ei høyring om offentleggjering av førre års rekneskap. I førre veke sende dagens byråd ut ei pressemelding som hevda at kommunen hadde hatt eit overforbruk på 100 millionar kroner, noko som viste seg å ikkje stemme. Byrådets handtering av offentleggjeringa av reknskapet har skapt ein svært krevjande situasjon for kommunen, meiner dei fire medlemmene av komiteen som no krev ei høyring. Dei fire er Jonas Stein (V), Vanja Terentieff (H), Erlend Svardal Bøe (H) og Bjørn-Gunnar Jørgensen (Frp).

Jonas Stein
Foto: Jo Straube