Hopp til innhold

Vi har vel alle våre uvanar om sommaren – men er dei farlege?

Saftig grillmat, solvarme klipper, bading – sommaren er ei tid for å kose seg. Men kan noko av det vi koser oss med i ferien vere skadeleg?

Sommargleder
Foto: NTB Scanpix

Endeleg er ferien i anmarsj – eller kanskje er du i gong allereie?

Feriedagane har vore etterlengta og endeleg har ein tid til å kopla av og nyte livet.

Men kan ein ferieglede bli ein feriesynd?

Laster Giphy-innhold

1. Endeleg tid til å fyre grillen!

Det er lite som slår lukta av spareribbs med barbeque-saus som ligg og godgjer seg på grillen.

Ei undersøking gjort i 2018 av YouGov på vegne av MatPrat, oppgav 43 prosent i aldersgruppa 18 til 29 år at dei grillar 1-2 gonger i veka.

Lure triks å ta med seg, er at ein bør variere kva ein grillar og korleis ein grillar det.

Eilin Lundekvam By er ernæringsfagleg rådgjevar ved MatPrat, og anbefaler å erstatte feitt kjøtt med magert kjøtt og hugse på grønt på tallerkenen.

– Eg trur det er lett for folk å ha ein forlenga helg om sommaren. Da er det er lurt å ta med gode kostholdsvaner sjølv om det er ferie, seier By.

Ho fortel også at ein bør unngå grillmat som innheld mykje feitt og salt siden dette kan gi auka risiko for hjarte- og karsjukdom.

Laila Arnesdatter Hopstock er forskar ved UiT og fortel at ved ein kort periode er det lov å kose seg.

– Ein skal ikkje ha dårleg samvit for å kose seg med god mat i Syden i to veker, seier ho.

Har du lyst til å bli ein meister på å sunn mat på grillen?

Laster Giphy-innhold

2. Nordmenn drikk meir om sommaren

Randi Eriksrud er generalsekretær i organisasjonen Av-og-til. Ho bekreftar at alkoholforbruket aukar om sommaren. Det kan skyldas av at ein ikkje har faste pliktar, som å køyre barn til trening.

– Dersom ein drikk rundt barn kan det føre til at barna er oppe lenger og ser meir av det som skjer. Det vaksne opplev som positive effektar ved drikking, kan opplevast utrygt for barnet, seier Eriksrud.

Ho understrek det at det er lov å kose seg, men at ein skal passe på så ein ikkje etablerer eit høgt alkoholforbruk.

– Da kan ein slite med å roe det ned igjen når kvardagen kjem, seier Eriksrud.

Frå eit helsesynspunkt er det best å avstå eller drikke minst mogleg, ifølgje Laila Hopstock ved UiT.

– Alkohol er ikkje sunt. Om ein fra før drikk mykje alkohol så er det ikkje bra å drikke enda meir. Ein bør heller ikkje kombinere det med båtkøyring eller bading, seier ho.

Laster Giphy-innhold

3. Berre ein festrøyk til?

Dei siste ti åra har dagleg røyking i den norske befolkninga blitt meir enn halvert, medan tala på festrøykjarar har halda seg stabilt.

Maja-Lisa Løchen er ein av forskarane i Tromsøundersøkinga ved UiT. Dei har sett på kva konsekvensar det å ta seg ein sigarett av og til har.

Maja-Lisa Løchen

Maja-Lisa Løchen fortel om korleis festrøyking aukar risiko for tidleg død.

Foto: Simen Follesø Røiseland / NRK

– Dei som røykjar av og til aukar sjansen for tidleg død med heile 38 prosent samanlikna med ikkje-røykjarar. Det er oppsiktsvekkjande, seier Løchen.

Ho fortel også at dei som festrøykjar ikkje skjønar kor alvorlege helsemessige konsekvensar den sosiale røyken kan vere.

– Frå andre studiar kor det blei spurt om kva helseskadar festrøyking har på sikt, svarte ein tredjedel at de ikkje trudde at det ikkje var så farleg, seier Løchen.

Laster Giphy-innhold

4. Herleg å snu døgnet?

Særleg i Nord-Norge med midnattssola er det ikkje alltid at senga fristar. Midnattsbad eller fjelltur i dei seine nattetimar lokkar meir. Men er lite søvn skadeleg?

– Dei fleste av oss tole å snu døgnet, sjølv om forsking visar at ein fast rytme er det beste for oss, seier Laila Hopstock ved UiT.

Søvnforskar Ståle Pallesen ved Universitetet i Bergen bekreftar at det er vanleg å snu døgnet om sommaren, særleg for dei som ikkje har barn.

– Får ein for lite søvn kan det gjere at hukommelsen blir svikta, ein får kortare lunte og høgare appetitt som kan gjere at ein legg på seg, seier Pallesen.

Laster Giphy-innhold

– Når ein forsinkar døgnrytme kan det vere vanskeleg å skulle tilpasse seg når kvardagen kjem tilbake, seier søvnforskaren.

5. Trener mindre

Treningsprofil Yngvar Andersen stadfestar at nordmenn trener mindre om sommaren. Det kan vere på grunn av at trening framleis er unaturleg for nokre av oss.

– Dei som trenar mykje i kvardagen trenar og mindre om sommaren. Så er ein ikkje vant til å trena i kvardagen, vil ein slite med å få det til i ferien, seier Andersen.

Laster Giphy-innhold

Laila Hopstock ved UiT understrekar likevel at ein bør tenkje på det ein gjer i ferien som feriegleder i staden for feriesyndar.

– Så lenge ein held det til eit nivå slik at det ikkje skadar ein sjølve, helsa eller miljøet rundt seg, så er det viktig å kose seg og nyte sommaren, seier ho.

Laster Giphy-innhold