Venninnene fekk bustaddraumen oppfylt – banksjef åtvarar mot kompiskjøp

For å komme seg inn på det tøffe boligmarkedet valde venninnene Julianne Johansen og Hege Lyngmo å kjøpe saman. Banksjef og forbrukarøkonom har ulike meiningar om såkalla kompiskjøp.

Venninner blir samboere

BLIR SAMBOERE: Venninnene Hege Lyngmo og Julianne Johansen har kjøpt seg hus i Tromsø for å komme seg inn på marknaden. Også dottera til Lyngmo blir med på flyttelasset.

Foto: Privat

– Det var ein spanande bodrunde kor vi bydde mot nokon andre. Og da vi fekk beskjeden om at eineboligen var vår så skreik eg høgt, seier Hege Lyngmo (28).

Venninnene Hege Lyngmo og Julianne Johansen (30) frå Tromsø har vore venar sidan barndommen. Etter fleire år på leigemarknaden ville dei eige noko sjølve.

Ønsket var å finne noko på Kvaløya i Tromsø kor dei har vokse opp.

– Bustadprisane i Tromsø er så høge så det er avgrensa kva ein får aleine, seier Lyngmo.

– Derfor tenkte vi at om vi gjekk saman så hadde vi ein større moglegheit for å få kjøpt noko, seier Johansen.

20. juni blei draumen verkeleg

– Innflyttingsdatoen er 1. september og eg gler meg skikkeleg, seier Johansen.

Frarådar dette

Tromsø har dei siste åra vore den byen i landet med sterkast prisvekst, det viser tal frå Eiendom Norge.

Banksjef er skeptisk

FRARÅDAR: Banksjef i Sparebank 1 Nord-Norge vil ikkje anbefale kompiskjøp.

Foto: Tonje Hareland / NRK

Banksjef for SpareBank 1 Nord-Norge, Lars Nymo Trulsen vil likevel ikkje anbefale eit kompiskjøp.

– Vi har sett fleire tilfellar kor det har blitt utfordrande, men også tilfelle kor det har gått bra. Vi plar som regel å rå ifrå denne type kompiskjøp, seier han.

Det som kan gå gale er at den eine parten vil ut, medan den andre ikkje har nokon andre alternativ for bostad eller moglegheit for å kjøpe den andre ut.

– Det treng ikkje å vere store ting, men det kan i verste fall gjere så ein blir uvenar, seier Trulsen.

Det finst i dag ikkje noko tal over kor mange venar som kjøpar bustad saman.

Trulsen understrekar kor viktig det er at ein kjenner personen ein skal inngå eit sambuarskap med og om den personen sitt forhold til økonomi.

– Det viktigaste som bør vere på plass er ein kontrakt. Der ein får regulert korleis det er mogleg å komme seg ut av sambuarskapet, fortel banksjefen.

I den same kontrakten bør ein få regulert korleis ein skal få tilbake ting av verdi eller regulere tap om det blir ein realitet, ifølgje Trulsen.

– Ver realistisk

Også dottera til Lyngmo, Ylva Marie (2) og hunden Tyson (10) skal vere med på flyttelasset.

– Eg hadde ikkje gått inn i dette med nokon eg ikkje kjennar god og stolar på. Med Julianne veit eg kva eg får, flirer Lyngmo.

Sjølv om dei har vore venar sidan barndommen er dei likevel bestemte på ein ting.

– Vi skal få hjelp av ein advokat slik at vi får ein sambuarkontrakt som skal seie noko om kva som skjer dersom den eine vil ut, seier Lyngmo.

Ein må vere realistisk og ha god kommunikasjon.

– Vi er begge innforstått med at vi ikkje skal bu her i 15 år, men at det var for å komme inn på marknaden, seier Lyngmo.

Venninner kjøper sammen for å komme inn på markedet

KONTRAKT: Venninnene stolar på kvarandre, men skal likevel ha ein kontrakt.

Foto: Tonje Hareland / NRK

På spørsmålet om det er vanleg å setja ein slik sambuarkontrakt mellom kjærastar svarar banksjef Trulsen ja.

– Det er mange som lagar det, men vi vil uansett anbefale det uansett kva relasjon du har til personen du skal kjøpe eit objekt med, seier han.

Fin måte å komme seg inn på marknaden

Forbrukarøkonom i SpareBank 1 og programleiar frå Luksufellen, Magne Gundersen er positiv til kompiskjøp og trur ikkje mange unge veit om denne moglegheita.

Magne Gundersen

FORBRUKARØKONOM: Programleiar frå Luksusfellen Magne Gundersen er positiv til kompiskjøp.

Foto: Eskild E. Fors / Eskild E. Fors

– Dette kan vere ein bra måte å komme seg inn på marknaden kor ein berre trenger halve eigenkapitalen og man deler på bustadutgifter, seier Gundersen.

Også han understrekar kor viktig det er med ein god avtale. Har ein dette på plass er kompiskjøp ei god ordning, meiner han.

– Eg syns fleire burde gjere dette, særleg i dei store byane kor det er høg kvadratmeterpris, seier forbrkerøkonomen.

Kvardagslege ting må vere fastsett

For at det skal lønne seg å kjøpe eit objekt bør ein bor der i tre-fire år for å tene inn meglar-omkasting ved sal og andre kostnader, ifølgje Trulsen.

Han fortel at det kan vere ulike grunnar til kvifor ein vil ut av eit kompiskjøp. Det kan vere at ein får seg ein kjærast ein vil flytte saman med, at ein har fått jobb ein annan plass og må flytte eller at ein berre vil flytte.

– Det er lurt å lage avtaler om dei kvardagslege tinga også. Som kven skal sørge for dei løpande utgifter blir betalt? Kven skal betale for mat, oppussing, HBO, spotify osv.? Dette er lurt å stadfeste, seier han.

I tillegg anbefaler han å avtalefest eigarforholdet, skal ein eige likt eller er det ein som går inn med meir eigenkapital? Slike ting er viktig å tenke over.

Fant drømmeboligen

KVALØYA: Barndomsvenninnene har ulik eigendel på huset.

Foto: Tonje Hareland / NRK

Venninnene har ulik eigendel, men deler 50–50 på lånet.

– Slik er realiteten, det er uvanleg at ein har like mykje eigenkapital, seier Lyngmo.