Hopp til innhold

Væpna politi rykka ut etter truslar mot Nav i Tromsø

Ein person er pågripen etter å ha trua tilsette i Nav i Tromsø.

Tromsø

– Politiet fekk melding om at ein person kom med alvorlege truslar mot Nav-tilsette like etter klokka 11, og da rykka vi ut, seier operasjonsleiar i Troms politidistrikt, Jøran Bugge til NRK

Vedkommande skal ha kome med konkrete truslar om å angripe med skytevåpen. Politiet rykka derfor ut til ein væpna aksjon.

Mannen er no pågripen og er innbragt til politistasjonen i Tromsø, opplyser Bugge til NRK.

Det er berre fem dagar sidan ein liknande episode på Nav i Tromsø.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark