NRK Meny

Vådeskot på hotell

Sysselmannen på Svalbard har oppretta sak etter at eit signalpistolskot gjekk av i garderoben på hotellet i Barentsburg på laurdag. Det skriv Svalbardposten. Sysselmannsførstebetjent Trond Olsen seier til avisa at det var signalpistolen til ein fastbuande mann som gjekk av. Ingen kom til skade i hendinga, og politiet rykka ikkje ut til staden.