Hopp til innhold

Uvêret stoppa ikkje postmann Runar!

Sjølv i kraftig vind og uvêr skal posten fram. Sjå video.

Postmann Runar Brenne lot seg ikke stoppe av den kraftige vinden torsdag.

LEVERER, UANSETT VÊR: Landpostbud Runar Brenne leverer post i eit stativ som har falt over ende. Foto: Nils Mehren, NRK.

– Eg har jo vore ute ein vinterdag før, seier Runar Brenne og ler på telefonen frå den daglege postrunden sin.

Landpostbudet var ute på runden sin og leverte post i går da stormen i Sør-Troms rasa som verst. I går trefte NRK sin reporter Brenne på Planterhaug i Skånland, der vinden herja så kraftig at den raserte to fjøs.

Også poststativ føyk avgårde i stormen, men likevel: Posten skal fram.

– Det var eitt stativ eg ikkje fann igjen, og eit anna hadde rast saman. Men eg tenkte at eg fekk no prøve å levere posten likevel, fortel Brenne, som legg til at han sikra seg godt om at posten ikkje ville fyke avgårde.

Fleire måtte avbryte runden sin

Sjølv om vinden var svært sterk på runden i markebygdene i Skånland og Evenes, var det ikkje berre på Planterhaug at uvêret herja.

– Det var jo enkelte av mine kollegaer som måtte avbryte rundene sine, fordi det rett og slett ikkje var forsvarleg. Han som skulle køyre ut post i Trøssemark og i Erikjord måtte avbryte av omsyn til tryggleiken, seier Brenne.

Men korleis er det å jobbe ute i slikt vêr?

– Ein må jo berre halde seg roleg og halde godt på posten. Vi i Posten har sikra oss godt med piggsko og varme klede, og det er viktig når ein skal vere ute, meiner han.

– Ikkje noko problem!

For ein som har vore ute ein vinterdag før, er det altså ingen sak å jobbe, sjølv når vinden tar litt hardt i.

– Eg liker vinteren, og eg liker Nord-Norge, så eg har ingen problem med å jobbe i slikt vêr, seier han blidt og legg til:

– Og så får ein jo frisk luft!


Flere nyheter fra Troms og Finnmark