NRK Meny

Uroa for båtar i anleggsområdet

Statens vegvesen er uroa for båtar som tar seg inn i anleggsområdet i sundet mellom Grytøya og Sandsøya. Som ein del av Bjarkøyforbindelsen blir det no dumpa stein i sundet, og det har ved fleire tilfelle vore uvedkommande båtar som har tatt seg inn i området. Olav Frantzen, fungerande prosjektleiar i Statens vegvesen, seier at det i desse områda kan vere livsfarleg å køyre båt fordi risikoen for grunnstøyting er overhengande.