Hopp til innhold

UP-sjef: – Mange skyldar på at dei skal til legen

UP har aldri gjort fleire førarkortbeslag i Troms og Finnmark enn i år. Time hos lege er ikkje god nok unnskyldning til høg fart, seier UP-sjefen.

UP-sjef Geir Marthinsen

På E8 gjennom Lavangsdalen vert det kvar veke gjort førarkortbeslag.

Foto: Petter Strøm / NRK

Mange bilistar har blitt fotgjengarar i sommar, spesielt etter å ha køyrt altfor fort gjennom Lavangsdalen på E8 utanfor Tromsø. På Twitter har Troms politidistrikt vore særleg aktive med å leggje ut sin logg over kor mange som vert tatt medan dei tråkkar ekstra hardt på gassen.

– Så langt i 2015 har vi dessverre beslaglagt langt fleire førarkort enn tidlegare år, spesielt gjeld dette folk som har køyrt for fort, fortel distriktsleiar for Utrykkingspolitiet i Troms og Finnmark, Geir Marthinsen.

Har politiet og kontrollane deira blitt meir synlege?

– Politiet har blitt flinkare til å leggje ut meldingar på Twitter om kor og når det har skjedd. Det er viktig for oss, trur eg, for da ser folk at vi er ute i felten og at det er ein viss fare for at vi kan vente rundt neste sving.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

I Lavangsdalen, kor vegen har blitt forbetra og sikra med ein midtdelar, er det mange som har det ekstra travelt. Mellom anna vart ein mann i 20-åra tatt for å ha køyrt i 145 km/t i ei 80-sone.

– Det er sjølvsagt uakseptabelt, og vi kan jo berre tenke oss konsekvensane om det først skulle gå gale, seier Marthinsen, og held fram:

– Trass i at alle meldingane politiet legg ut på Twitter og til trass for at media vidarebringer dette, så ser vi at det framleis er for mange som køyrer for fort der. Vi drar inn førarkort på den strekninga kvar veke.

Ingen nåde

Men – kva seier så desse sjåførane som vert stoppa i ei faderleg fart? Kva er årsaka til at nokre sjåførar gir full gass sjølv når dei veit at det ikkje er lovleg?

– Dei fleste legg seg jo flate. Men så har du dei som meiner dei har ein god grunn til å gje på litt ekstra, seier Marthinsen og forklarar:

– Mange skyldar på at dei har ein time på sjukehuset i Tromsø og at dei derfor måtte gje litt ekstra gass. Da tenker eg som så at den timen, den har du visst om lenge.

– Så her er det ingen nåde?

– Nei. Men det har også vore situasjonar kor vi har hjelpt folk med å kome seg fort fram til sjukehus.

Følg med!

UP-sjefen har også nokre oppfordringar til dei som skal køyre heim frå ferie i desse dagar:

  • Ver dedikert til den oppgåva, og ikkje la auga streife ned på mobilen. Det kan bli skjebnesvangert.
  • Følg fartsgrensa etter beste evne.
  • Hald deg rusfri når du sitt bak rattet.

Førerkortbeslag

År

Fart

Rus

Annet (Adferd)

Totalt

2011

148

23

11

182

2012

139

33

2

174

2013

133

39

6

178

2014

133

30

9

172

2015

188

32

18

233

Flere nyheter fra Troms og Finnmark