Hopp til innhold

Uklart når leitemannskapar kan søke etter sakna mann

Grunna vêr og skredfare det uklart når leitemannskapar kan ta seg inn i området i Reisadalen i Nord-Troms.

Røyelmyran

Ein mann er sakna etter ein skutertur i området. Det går spor inn i raset ved Røyelmyran, opplyser politiet på Twitter.

Politiet i Troms fekk melding om den sakna mannen klokka 22.51 tysdag kveld. Dei er usikre på kva tid skredet i Reisadalen gjekk.

– Uaktuelt med helikoptersøk

– Me fekk melding frå kameratar av den sakna i kveld. Dei har vore der oppe og leita etter han og har funne skuterspor inn i skredet, fortel operasjonsleiar Gaute Hoff i Troms politidistrikt til NTB.

Det er sett i gong ein leiteaksjon etter den sakna, seier politiet tysdag kveld.

Det er dårleg vêr i leiteområdet, og dermed uaktuelt med helikoptersøk med det første, ifølgje politiet. Alle redningstenester er varsla og mannsskapar skal ta seg opp til skredområdet natt til onsdag.

Den sakna blei truleg sist sett tysdag ettermiddag, meiner politiet.

Laster Twitter-innhold

Flere nyheter fra Troms og Finnmark