Hopp til innhold

UDI: – Veit at ankomstane vil auke i vår og i sommar

Regiondirektør i Utlendingsdirektoratet (UDI), Bjørn Fridfeldt, seier dei gjer seg klare for fleire ankomstar av asylsøkjarar i månadane som kjem.

Bjørn Fridfeldt, UDIs mann i nord.

Bjørn Fridfeldt, regiondirektør i UDI i nord.

Foto: Håvard Lior / NRK

– No har vi ein oversiktleg situasjon, og vi har avvikla dei akuttmottaka som blei oppretta i fjor haust, og flytta folk over i meir permanente mottak. No har vi ein situasjon kor vi tenker framover og tenker meir på å vere i beredskap i tilfelle det skal kome store ankomstar i vår, sommar og haust.

Det seier regiondirektør i UDI, Bjørn Fridfeldt. I haust kom fleire tusen asylsøkjarar til Norge, mange via den norsk-russiske grensa ved Storskog i Sør-Varanger. Av desse blei nærmare 3.500 plassert på mottak i Nord-Norge.

Fridfeldt meiner situasjonen no er oversiktleg, og at dette gjer rom for meir langsiktig planlegging. UDI skal dermed vere klar for å ta imot asylsøkjarar som kan kome i tida som kjem:

– Det gjer vi blant anna ved å overetablere, slik at vi skal kunne stå klare med ein buffer i mottakssystemet. Eit anna alternativ er dersom vi får oppretta nokre av desse store brakkeleirane, som også kan vere til stor hjelp om ankomstane aukar på, seier Fridfeldt til NRK.

– Framleis eit stykke å gå

Førre veke kom rapporten «Beredskap høsten 2015». Der slo UDI fast at beredskapsplanen deira hadde ein rekke mangler og at den ikkje tok høgde for ei langvarig krise.

Ifølgje rapporten var UDI rigga for 11.000 asylankomstar, medan det i løpet av året kom 31.145 asylantar til landet.

På spørsmål om kor godt førebudd UDI er til ein tilsvarande ankomst av asylsøkjarar til landet, svarer regiondirektøren slik:

– Vi er vel ikkje godt førebudd, anna enn at vi er klar over at den situasjonen som var i fjor haust må vi ikkje hamne i ein gong til. Derfor jobbar vi no utifrå at vi skal vere i beredskap. Vi har framleis eit stykke å gå før eg kan seie at vi er godt førebudd, men vi er godt på veg.

UDI ønsker gjennom ein anbodskonkurranse å skaffe opp mot 1500 mottaksplassar i Nord-Norge, i tillegg kan det bli aktuelt å etablere akuttleirar som kan ha plass til opp mot 1000 asylsøkjarar.

– Dette er ein del av beredskapen, for å ligge i forkant. Reint historisk veit vi at ankomstane auker når våren og sommaren kjem. Om dei aukar så mykje som dei gjer i haust, gjenstår å sjå. Da er det veldig greit å ha ein buffer, seier Fridfeldt.

Onsdag denne veka skal UDI ha eit møte med Tromsø kommune for å undersøke moglegheita for å etablere ein akuttleir med plass til opp mot 1000 personar. Ein liknande leir er også ønska i Ballangen kommune i Nordland.