NRK Meny
Normal

Turistar skadd i Lyngen

Ein person vart sendt til UNN etter å ha skadd seg under ein topptur i Lyngen.

Laster kart, vennligst vent...

Ein sveitsisk turist brakk i formiddag foten under ein topptur på Kavringstinden i Lyngen kommune, og måtte hentast med ambulansehelikopter. Vedkommande er no frakta til UNN.

Turisten var med i eit følgje med fem andre skituristar.

Like etter klokka 15 fekk Operasjonssentralen hos Troms politidistrikt melding om at ein person i det same følgjet hadde skada seg på veg ned frå fjellet. Personen skal ikkje ha vore alvorleg skada.

Følgjet kom seg ned til skihytta i Lyngen på eigenhånd, og Røde Kors blei sendt opp for å frakte dei ned til Sørheim brygge.

Det opplyser operasjonsleiar Trond Amundsen ved Troms politidistrikt til NRK.