Det er Finnmarkshallen i Alta som er arena, når dei populære nerdane besøker fylket.
18. november møter nerdelaget eit lag samansett av finnmarkingar til kamp i Alta. Og Alta-mannen Klaus Pettersen står på sidelina, som assistenttrenaren til Tufte IL.
Troppen ikkje klar
Forballaget som er kjent frå tv-serien Heia Tufte, gjestar Finnmarkshallen i samband med at hallen feirar 10-årsjubileum. Laget dei skal møte er ikkje sett saman enno, men vil truleg bestå av kjente og ukjente finnmarkingar, med og utan fotballtalent.
Overskotet frå kampen skal gå til eit godt formål.