Hopp til innhold

Tromsø kommune set inn ekstra ressursar i overgrepssaka

Kommunen har eit helseteam på plass, i tillegg til at dei styrkar helsesøstertenesta i barneskulen.

Rådhuset i Tromsø

Tromsø kommune tar grep for å hjelpe i overgrepssaken.

Pål Jakobsen, informasjonssjef i Posten

Kommunikasjonsdirektør i Tromsø kommune, Pål Jakobsen.

Foto: Birger Morken

– Overgrepa skjedde i ein privat barnehage, men vi handterer denne saka med same type alvor som om det var vår eigen barnehage, seier kommunikasjonsdirektør i Tromsø kommune, Pål Jakobsen.

Eit av tiltaka som er gjort, er å opprette ein beredskapstelefon for dei som har spørsmål.

– Det er oppretta eit ressursteam med to helsesøstrer og ein kommunepsykolog, som er tilgjengeleg på mobiltelefon for dei som måtte ønske hjelp frå desse, seier Jakobsen til NRK.

Telefonen blei oppretta i førre veke. Ressurstelefon har telefonnummer 90 12 38 12.

Ekstra helsesøstrer

Jakobsen opplyser også at dei er i tett og god kontakt med den aktuelle barnehagen og med politiet.

Kva for konkrete tiltak er det som blir gjort i barnehagen?

– Det må barnehagen sjølv svare på, men frå kommunen si side har vi gått inn og styrka barnehagen med ekstra personell. Det kjem folk frå oss når det er behov i denne barnehagen, og behovet må barnehagen sjølv først kjenne på, seier Jakobsen, og legg til:

– Dermed skal dei vere rigga for den svært krevjande situasjonen som dei står i no.

Mannen som er sikta for overgrep mot 11 barn, skal ha jobba i den aktuelle barnehagen sidan 2008, og politiet etterforskar overgrep i denne tidsperioden. Dermed er det ikkje berre barn som no går i barnehage som er ramma, men også barn som no går på barneskulen.

Derfor har Tromsø kommune også sett inn ekstra beredskap i barneskulen.

– Vi har styrka aktuelle skular kor barn som tidlegare har gått i den aktuelle barnehagen no går. Der har vi sett inn ekstra helsesøstrer, og det er noko vi har gjort no dei siste dagane.

Tilsyn

Da saka vart kjent for knappe to veker sidan, vart det også kjent at Jakobsen kommunen nettopp hadde ført tilsyn med den aktuelle barnehagen. Da hadde det ikkje blitt funnet nokre avvik eller merknadar.

Da saka vart kjent, visste ein lite om omfanget. No er siktinga utvida til å gjelde 11 barn, utan at noko har blitt oppdaga. Har det vore svikt i tilsynsrutinane?

– Det kan eg ikkje seie noko om. Det er ei svært alvorleg sak. Det tilsynet som blei gjennomført for litt sidan, vart eit såkalla fullt tilsyn og det vart gjennomført utan merknadar. Dei gjennomgjekk alt som ein skal gjennomgå, seier Jakobsen til NRK.

Politiet opplyste på ein pressekonferanse i dag om at mannen skal ha hatt plettfri vandel da han blei tilsett i barnehagen i 2008.