Hopp til innhold

Troms-kommuner skal få demens-inspirasjon frå Nederland

Nytenking er nødvendig dersom Noreg skal klare å møte eldrebølgen. Derfor skal representantar frå fem kommunar frå Troms til Nederland for å bli inspirert.

Oversiktsbilde fra demenslandsbyen i Nederland

DEMENSLANDSBY: Slik ser det ut i det vesle samfunnet i Nederland som er tilrettelagt for demente. Her har dei eigen butikk, kafé og restaurant.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

– Behovet for nytenking innanfor demens- og eldreomsorga er stort.

Det seier rådgjevar for helse og velferd i KS i Troms, Guri Moen Lajord.

I juni drar ei gruppe på 35 representantar frå til saman 13 nordnorske kommunar til Nederland for å bli inspirert.

I nærleiken av Amsterdam ligg det vesle samfunnet De Hogeweyk. Her er det bygd opp ein landsby tilrettelagt for demente, og det er både ein kafé, ein restaurant, butikk og ulike underhaldningstilbod.

Det er denne byen representantane frå Troms skal besøke for å få inspirasjon.

– Interessant å sjå til Nederland

– Vi får ei eldrebølge, og demens rammer fleire og fleire i yngre alder, heilt nede i 50-åra, og det å ha tilrettelegging til kvar enkelt sitt liv må jo vere målet, seier Moen Lajord til NRK.

Kvæfjord, Lyngen, Skjervøy og Kåfjord er fire av kommunane frå Troms som skal til Nederland i juni. I tillegg skal representantar frå Tromsø kommune vere med på turen.

Eva T. Olsen er kommunaldirektør i byrådsavdelinga for helse og omsorg, som trur turen til demenslandsbyen kan vere nyttig:

Eva T. Olsen

Kommunaldirektør for helse og omsorg i Tromsø kommune, Eva T. Olsen, trur turen til Nederland blir interessant.

Foto: Vibeke Paulsen Cerón/NRK

– Når vi skal etablere nye bygg for denne pasientgruppa, ønsker Husbanken at ein skal hjemleggjere desse bygga. Det har dei klart i Nederland med den modellen dei har der. Og det er interessant å sjå på, meiner Olsen.

Tilrettelegging for den enkelte

I Nederland er store deler av tilbodet privatisert. Likevel er det interessant for norske kommunar å sjå korleis tilbodet fungerer, meiner Moen Lajord:

– Grunnideen er å legge til rette tilbodet til den enkelte demente sitt liv, og det er spesielt med demenslandsbyen i Nederland. For oss er det spennande å sjå korleis dei har tilrettelagt dette.

  • Sjå video frå da NRK besøkte demenslandsbyen i Nederland i fjor:
    Marijke de Bruijn deler kjøkken og stue i et av de 23 bokollektiv i det lille samfunnet Hogweg. Hele den lille landsbyen er tilrettelagt for eldre med demens. Her har fått et hjem