NRK Meny
Normal

Tre personar sendt til sjukestua etter badstubrann

Brann i ei kaserne i Heggelia leir. Brannen er no slokka.

Laster kart, vennligst vent...

Det er meldt om brann i ei kaserne i Heggelia leir på Bardufoss.

Det skriv Troms politidistrikt på Twitter.

Brannvesenet er no på staden.

Politiet rykkjer ut, men har ikkje kome fram.

– Brannvesenet har no fått slokka brannen, seier operasjonsleiar i Troms politidistrikt, Gaute Hoff.

Brannen starta i ein badstuovn, og tre personar er brakt til sjukestua på leiren. Det skal ikkje vere snakk om alvorlege skader, men det skal ha vore mykje røyk i badstua.

– Militærpolitiet og vakthavande befal hjelpte til i ei evakueringsfase, fortel Hoff.