NRK Meny
Normal

Trailer køyrte av vegen

Ein person lettare skadd.

Laster kart, vennligst vent...

På Breivikeidet utanfor Tromsø har ein trailer køyrt av vegen.

Troms politidistrikt melde om hendinga i 21-tida.

Ein person blei lettare skadd i hendinga og blei frakta til legevakta.

Vegbanen er ekstremt glatt på staden og vegen er no sperra for å unngå at fleire hamnar i grøfta, melder politiet.

Føraren av traileren skal ha forsøkt å passere ein trailer som sto fast i ein bakke. Traileren som køyrde forbi spant av kjettingen, sklei bakover og i grøfta.

Det vil bli oppretta sak på forholdet.