Trafikkulykke på Tromsøya

Mopedførar frakta til UNN med ambulanse etter kollisjon mellom moped og bil.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet i Tromsø melder om ei trafikkulykke nord på Tromsøya, i krysset mellom Stakkevollvegen og Gimlevegen.

Det skal vere personskade, får NRK opplyst. Ein bil og ein mopedførar har kollidert.

Naudetatane er på staden, seier operasjonsleiar i Troms politidistrikt, Eirik Kileng.

Mopeden har køyrt inn i ein bil bakfrå. Føraren av mopeden er frakta til UNN med ambulanse.

– Personen var skadd, men ved bevisstheit, seier Kileng til NRK.

Ulykka skal ha skjedd da bilen stansa i eit kryss og mopeden ikkje rakk å stoppe i tide. Køyretøya køyrte i same retning, frå nord mot sør, da samanstøytet skjedde.

Det vil bli oppretta sak på forholdet, opplyser politiet.