NRK Meny
Normal

Trafikkuhell i Harstad - førar mista førarkort umiddelbart

To personar sendt til sjukehus for sjekk etter trafikkuhell i Kilahamn.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet rykka ut til staden like etter klokka 16.

– Vi har beslagla føraren sitt førarkort på staden, og vi kjem til å opprette sak for uaktsam køyring, seier operasjonsleiar i Midtre Hålogaland politidistrikt, Karl Erik Thomassen.

Politiet opplyser at førar og passasjer er frakta til sjukehuset for sjekk. Dei to skal ikkje vere hardt skadd.