NRK Meny

To personar gjennom isen

I Kvænangsbotn gjekk i formiddag ein skuter med to personar gjennom isen. Uhellet skjedde på fjorden mellom Tangnesholmen og Toppelbukt, melder politiet. Begge personane kom seg sjølv opp på isen igjen, men skuteren har gått til botn. Operasjonsleiar i Troms politidistrikt, Roy Tore Meyer, åtvarar om at isen i området kan vere utrygg.