Hopp til innhold

To i retten etter «Operasjon Share»

I oktober skal to menn møte i Nord-Troms tingrett for å ha hatt fleire titusen overgrepsbilde av barn. Begge blei tatt etter storaksjonen «Operasjon Share».

Nord-Troms tingrett

To menn møter i Nord-Troms tingrett i oktober etter at dei blei tatt i storaksjonen «Operasjon Share».

«Operasjon Share» blei initiert av Kripos i 2013. Aksjonen retta seg mot miljø som deler overgrepsbilde av barn.

Da Kripos presenterte oversikta over korleis dei ulike sakene fordelte seg på landsbasis i februar i år, viste oversikta at alle politidistrikta i landet gjekk til aksjon mot 68 personar. Oversikta viste også at ein av dei som blei tatt er frå Troms.

No viser det seg at aksjonen førte til at to personar blei tatt i Troms. Begge skal møte i Nord-Troms tingrett i oktober.

I begge tilfella dreier det seg om store mengder bildemateriale som viser seksuelle overgrep mot barn eller seksualisert framstilling av barn.

I den eine saka er ein mann busett i Tromsø, tiltala for å ha lasta ned og delt vidare på internett om lag 75 000 bildefiler og 800 videofiler. Dette skal ha skjedd i ein periode på tre år, frå 2010 til 2013.

I den andre saka er ein mann i førtiåra frå Nord-Troms tiltala for å ha lasta ned 44.000 bilde og 6 filmar.

Kan straffast med fengsel inntil tre år

Sjef for etterforskingsseksjonen ved Tromsø politistasjon, Yngve Myrvoll, bekreftar til NRK at begge dei to er tatt etter «Operasjon Share».

Yngve Myrvoll

Sjef for etterforskingsseksjonen ved Tromsø politistasjon, Yngve Myrvoll.

Foto: Erling Bjørklund / NRK

– Det eg kan seie, er at begge desse sakene er resultat av den nasjonale aksjonen «Operasjon Share» som blei leda av Kripos i 2013, kor dei i eit tidsrom overvaka fildelingsnettstad. Og i denne aksjonen fekk vi altså tatt to av dei som var mest aktive i Troms politidistrikt, seier Myrvoll.

Kan det dukke opp fleire tilfelle, eller er aksjonen heilt avslutta?

– Det er alltid ei fare for at det kan kome fleire tilfelle etter slike operasjonar. No fokuserte vi på dei som var mest aktive og dei som hadde lasta ned flest overgrepsbilde, som den her gongen blei tatt.

Begge er tiltala for brot på straffelovens paragraf 204a, og strafferamma er fengsel i inntil tre år.

Advokat Tore Pedersen er forsvararen til Tromsø-mannen, og seier til NRK at saka til hans klient vil bli behandla som ei tilståelsessak.