NRK Meny

To år fengsel for vald

Ein mann i 60-åra er i Nord-Troms tingrett dømt til fengsel for å ha mishandla sin sambuar over ein periode på 24 år. Det skriv iTromsø. Mannen skal ha fysisk mishandla kvinna, i tillegg til å ha drapstrua ho. Han erkjente seg ikkje skuldig etter tiltaleavgjerda. Mannen er dømt til to år fengsel, kor eitt år er betinga. Han må også betale kvinna 100.000 i erstatning.