NRK Meny
Normal

TIL vidare i cupen etter 2-1 mot Mo - sjå måla her!

Mo opna kampen med eit brak, men det var Gutan frå Tromsø som til slutt sto igjen som vinnarar.

Se målene fra TIL - Mo, i kampen som endte 2 - 1.

  • Sjå måla i kampen øvst i saka!

På Nye Sagbakken stadion i Mo i Rana blei det full fart i kampen mellom TIL og Mo da Cato Jørgensen scora for heimelaget etter berre ti minutt.

Men jubelen varte ikkje lenge for heimelaget, for etter 26 minutt utlikna Mikael Ingebrigtsen for Tromsø.

Og like før pause gjekk ballen i nettet igjen – nok ein gong i bortelaget sin favør. Målet var signert Zdeněk Ondrášek.

I andreomgang kom det fleire sjansar som kunne ha gitt mål til Tromsø, men kampen enda altså til slutt 2–1.

  • Sjå intervju med trenar Steinar Nilsen:
    Hovedtrener Steinar Nilsen etter kampen mellom TIL og Mo.

Vidare i kveld

Fleire nordnorske lag spelte sin første cupkamp i dag.

I kampen mellom Tromsdalen og Sortland vann Tromsdalen 3 - 2.

Fløya vann 1 - 0 over Alta.

Finnsnes vann 3 - 0 over Harstad.

Fullstendige resultat finn du i tabellen under.

Laster innhold, vennligst vent..